Viser innlegg med etiketten til kjøkken. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten til kjøkken. Vis alle innlegg

søndag 13. august 2017

4 x grytekluter

Bestillinga sa grytekluter, 
men ingenting om farge eller mønster...
Eg strikka litt forskjellig, 
slik at mottaker kunne velgja sjølv, 
kva som passa best.
.
Gammeldagse grytekluter heiter dette mønsteret,
som eg nå fann igjen på internet.
For nokre år tilbake, 
strikka eg hundrevis av slike grytekluter...
eit mønster eg den gongen lærte av ei gamal tante.
Det var morro å henta det fram att.
eg strikker med mørk blå som bunnfarge halvvegs, 
og byter på fargane
Det er greitt å ha eit tydeleg merke på kor ein skal brette,
og når ein skal hekle rundt.
Det å byte på fargane,
 var noko eg fann ut var bra, 
for å utnytte tråden best,
den gongen eg laga så mange par.
 Etter litt leiting på nettet,
fann eg oppskrift til desse.
Eg følgde mønsteret - trudde eg,
- oppdaga ikkje før eg var i gang med nr to,
at eg hadde lagt opp litt mange masker...
kan av og til vera vanskeleg å leggja til to masker på antalet, 
og deretter dela på to...
har med to ekstra, 
og strikker desse vrange.
fint å ha når ein skal hekle etterpå.
- desse gryteklytane vart ganske store,
men med litt mindre pinner og rett maskeantall,
så vert dei nok bedre i størrelsen..
 Oppskrifta til desse fann eg og på nettet.
som dei over stod det pinne 3,5 i oppskrifta,
men skal eg lage fleire, vert det på pinne 3.
 desse vart og litt store
 oppskrifta til desse fekk eg frå ei venninne,
dvs ho sa korleis ho bruker å gjera,
- og eg kopierte det...
strikker først to remser
 syr saman den kort sida 
deretter langssida
på vranga
 snur retta ut og bretter saman slik
syr saman
 og hekler rundt..
 Eg har brukt bomull sport til alle 4
pinne 3 eller 3,5
eit lite vask og så er dei klar til bruk
nå er det bare opp til mottaker....

onsdag 30. september 2009

Grytekluter oppskrift

Har fått spørsmål om oppskrifta på desse gryteklutane.
Eg fekk møsteret forklart av tanta mi, for mange år sidan.
Mange spurde etter oppskrifta og etter ei tid skreiv eg det ned.

Har prøvd å fotografera mønsteret.


Om det ikkje går an å kopiere denne sida,
kan den som er interesert, få oppskrifta tilsendt via mail.

Du kan kontakte meg på: ol-boe@online.no

fredag 18. september 2009

Vaskefiller

Vaskefille dilla har nådd min heim og...

Har brukt bomullsgarnet Fresco og strikka på pinne 3,5
la opp 47 m
strikka første omgang 1rett og ein vrang
andre omgang rett
fortsatte slik til nøstet var slutt


fekk eit tips av Nunne:
til smågaver: ei vaskefille og ei flaske Zalo
Takk for tipset!

tirsdag 11. august 2009

Grytekluter

Eg har alltid eit par grytekluter i arbeid. Dei er lette å ha med på forening el. likn.

Eg bruker bomull sport, og pinne nr 3.
eg strikker alt i eitt og bytter om fargane midtveis, dette og for å utnytte garnet bedre.
bretter dei dobbelt og hekler rundt kanten
mønsteret er ikkje vanskelig, kun rettstrikk