Viser innlegg med etiketten pulsvanter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pulsvanter. Vis alle innlegg

onsdag 13. august 2025

Estelle's fingerless gloves, Shetland

nok eit mønster eg tok med meg frå Shetland.
Eg kjøpte i fargane som forslått i mønster.
her er 7 farger, 
og i mine auge vart dei litt for like kvarandre,
når dei kom inn i mønsteret.
raske å strikke med eit enkelt mønster

Det var mykje garn til overs
eg snudde litt på fargane,
brukte 5 farger
Fortsatt garn igjen,
dette får liggja til eg får fleire rester av det Shetlandske garnet.
Eller eg bruker det saman med norsk 2 tråds garn
prøvde meg fram med litt skarpare farger
her med 2 tråds garn frå Sjølingstad Uldvarefabrikk.
5 farger
tilslutt fann eg fram 2 farger
Ask, Hillesvåg Ullvarefabrikk
Eg er nok meir førnøgd med slike klare farger,
 der eg ser mønsteret tydeleg,
pga synet.
har tova dei litt.


 

torsdag 31. juli 2025

Lange pulsvanter

Pulsvanter med god lengde oppover armen,
og fingrer
vart til for min eigen del.
Til bruk når eg er ute på tur,
og har kameraet med.
Laga først eit par utan fingrer,
men kjenner at det blir lunare med fingrer.
Då eg reiste til Shetland,
hadde eg eit par på pinnane,
og tok dette med som arbeid undervegs.
Det var kaldt på Shetland,
pulsvantane var brukt mykje på turen.
Tommel og fingrer på dette paret 
vart godt tova på turen, 
bare ved at eg brukte dei.
Etterpå har det blitt nokre par til,
eit har allerede fått ny eigar,
og skal snart ut på tur, 
litt nordover på Vestlandet.
Striper og farger blir til undervegs,
på denne måten får eg brukt alle smårester og.
Dei er enkle å strikke, og eg liker å strikke med villsaugarn.
Varmer godt gjer dei og.

lørdag 12. april 2025

Pulsvanter ala Selbuvotter, Sandnesgarn

Ei dame som bruker rullestol,
spurde etter pulsvanter, 
som kunne brukast når ho er ute i Rullestolen
Eit par Selbuvotter, Sandnesgarn
vart utgangspunktet for desse pulsvantene.
eg prøvde meg litt fram,
med fingrer og størrelse

første par ferdig,
kanskje litt vide i tomler
det vart fleire par,
og tilslutt hadde eg ein god mal
til seinare bruk.
Eg vart og inspirert til å bruke opp rester av Peer Gynt og Smart
eit greitt arbeid, der ein ikkje treng å konsentrere seg så mykje,
 i ei travel tid,
Det minker på restane,
morro å sjå kva ein kan få ut av nokre smårester
Eit par skal eg ha sjølv,
har lenge tenkt at eg kunne hatt slike,
når eg er ut på fototurer.

søndag 12. mai 2024

Blir bedre kjent med villsaugarnet

Eg fekk i vinter tilsendt noko villgarn,
som eg skulle prøve ut.
Eg laga votter og fann nokre border eg kunne bruke,
og latvisk flette - for å teste ut kva eg fekk til
pulsvarmere/vanter vart det og
seinare fekk eg spørsmål om barnevotter.
Strikka først i anna garn, for å teste ut diagram, maskeantall, lengde osv
så skulle det bli votter i vaksen str,
med tilsvarande diagram som barnevotten.
alt nytt må strikkast fleire gonger,
før ein kan sei seg fornøgd
på desse vottane havna tommel på feil plass...
eg prøvde med kvit tommel og tommel med ruter,
vart ikkje fornøgd med noko av desse forslaga
eg såg for meg ei anna løysing,
og prøvestrikka med anna garn
vart meir fornøgd med denne utgaven

nå er det på tide å finne fram villsaugarnet
strikka som dei kvite og grå vottane,
med villsaugarn vart vottane noko lange

prøver igjen med kortare vrangbord
denne gongen seier eg meg fornøgd med størrelsen

to par pulsvanter vart det og..
villsaugarnet må ein "arbeide inn" i fingrane
det har etter kvart blitt lettare å bruke garnet,
og resultatet har blitt bedre
 

mandag 6. november 2023

Harry Potter pulsvarmere

Eg har vore nordpå ein tur.
Noko av det første bestemorgutten ba meg om,
var å strikke Harry Potter pulsvarmere,
Harry Potter er det store akkurat no.
Mora fann fram noko restegarn,
og snart er bestemor i gang.
Bestemorgutten lurte på om dei var ferdige til neste morgon.
Bestemor strikker raskt, 
men neste morgon var nok litt tidleg.
Bestemorgutten lyste opp,
då pulsvarmerene var ferdige før leggetid neste kveld.
Pulsvarmarene var på om natta,
og på skulen neste dag.
Gildt når ferdige produkt vert så godt mottekne.

søndag 2. mai 2021

Pulsvanter

Her har eg teke på eit aldri så lite oppdrag.
Strikker lite for andre nå,
men såg dette som eit ok innimellomstoretingarbeid.
pulvanter til store og litt mindre store,
strikka i Alpaca Fine, Vikinggarn
pinner 3 dame
pinner 2,5 barn
alle para skal til ein familie,
så eg tenkte det var lurt med forskjellige mønster
denne gongen vart det tommel på pulsvantane.