torsdag 12. november 2015

Jakke med krave

Jakken str 4 år
er strikka i Smart, Sandnes Garn
pinner 3,5
 -  mønsteret består av fletter, rette og vrange masker 
eit lett mønster å strikke, etter mi meining
- jakken ser ganske smal ut,
mønsteret trekker seg saman, men har god strekk i seg
 - mønsteret fann eg i dette heftet frå Sandnes Garn

tirsdag 10. november 2015

Votter 2015 Anne-Stine

Denne gongen har eg valgt ein liten utfordring.
Vel, når eg berre fann eit system for alle trådane,
så gjekk det bedre.
Fargane som er fargeforslaget i boka,
passer akkurat til årstida vi er inne i..
 Garn: Dale Heilo
pinner 2,5 og 3
 - mønsteret fann eg i 
Votteboken fra Thuve-Stua
-boka inneheld fleire interessante mønster,
nokre vil eg nok strikke etter kvart.
Akkurat no vert dei lagt i vottemønsterkøen..
Køen er lenger enn at eg klarer å få strikka alle mønstrene i 2015,
så eg må nok utvide prosjektet til 2016 og.
Kjenner du til lokale vottevarianter,
er eg interessert i fleire oppskrifter/mønster.
Fint om eg og får eit tips om kor ein kan få kjøpt mønsteret.

mandag 2. november 2015

Ribbestrikka Marius i nye farger

Etter ynskje frå mottaker
er denne mariusen blitt grønn.
Litt skeptisk i starten,
men må sei meg enig i at resultatet vart bra..
 - her har eg brukt Smart frå Sandnes Garn
pinner 2,5 og 3
-mønsteret fann eg i:
Tema 15 Klassikere, Sandnes Garn