søndag 31. januar 2021

Hjertevotten

Design: StrikkeTerje/Terje Tjelle
Her har eg funne fram rester av 
3 tr strikkegarn, Rauma 
pinner 2,5 og 3
Vottane har eit gjentakande mønster,
som ein snart lærer seg utanat,
så vottane er lette å strikke
Vottane er litt i minste laget til mine hender,
så eg ville nok brukt litt tjukkare garn ei anna gong.
 

lørdag 23. januar 2021

Votter Valentinhjerte

Design: StrikkeTerje
Her har eg brukt 3 tr ullgarn, Rauma
pinne: 2,5
vottane er forsåvidt enkle å strikke,
ein må passe på å ha trådane,
 på same plass på fingen,
slik at det ikkje blir ulikheter i stripene.
den mest erfarne vil nok sjå at eg har bytta,
i starten av tomlane.
Tomlane vart litt smale i forhold til votten
Eg kjenner at det er litt vanskelig
 å legge vekk vottestrikkinga,
og ikkje minst det å stadig vera på leit ,
etter nye mønster.

lørdag 16. januar 2021

Jaktvotter

Første par i 2021,
 frå "på vent" vottemønsterlageret:
Jaktvotter
Mønster: Marit Abrahamsen
her har eg funne fram rester i Ask ullgarn, 
frå Hillesvåg ullvarefabrikk
eg starta med pinner 2,5,
men vottane vart nokså store,
så eg rekte opp att
og starta på ny med pinne 2
litt etter litt 
vil eg ta for meg fleire vottemønster,
som ennå ligg lagra i på vent mappa.
Enn så lenge er eg fortsatt i Liverpoolproduksjonen,
votter og sokker til slekt og venner...

mandag 4. januar 2021

Status votteprosjekt


Eg har i dag hatt ei oppteljing
vottekassen er begynt å bli full,
og innhaldet er over 100 ulike par
Eg har nådd mitt mål,
men har fleire mønster på vent,
så det blir nok nokre par til.
Eg skal i allefall ikkje lenger vera på jakt etter mønster,
men om noko kjem "dalane" så tek eg heilt klart i mot.

 Dette har vore ei reise i mønster, historie, teknikker, garntyper,
ja, eg har lært mykje nytt denne tida.
Eg vil rette ein stor takk, 
til alle som har gitt meg, eller tipsa meg om mønster,
både nye, gamle og slike som ikkje er så ofte i bruk.