tirsdag 29. september 2020

Votter fra Nordmøre

Dette mønsteret har eg funne i boka:
Strikk fra hele Norge
Nina Granlund Sæther
Eg valgte å bruke pinne 2, 
som var anbefalt til damevotter
likevel vart vottane digre, 
og passer godt til store mannehender.
Mønsteret er i seg sjølv lett å følge
Eg, for min del,
syns nok at det vart mange masker,
og ein liten utfordring,
 til å halde maskane på plass på pinnane.

mandag 14. september 2020

Skjåkvotten

Denne gongen har eg vore i kontakt med Skjåk Husflidslag,
Dei sende meg garn og mønster til Skjåkvotten.
Laila Arnestuen skriv blant anna:
"Bråtte" på votten er ett gammelt mønster,
som Kaia Smedsmo brukte i sine votter.
Det er min svigerfar Sverre Bårdseng,
som har hjulpet meg, og laget en treskurdtegning,
som jeg har laget strikkemønster etter..
Treskurd har dype røtter i Skjåk, 
og dette er et gammelt treskurdmønster som ble brukt i gamle dager.
Eg fekk tilsendt garnpakke, til herremodell.
strikka med pinne 3, som det står i oppskrifta.
Vottane vart digre, og det minka veldig fort på garnet.
Eg rekte opp att og starta på ny, med pinne 2.
det vart mykje bedre.
Garnet minka det fort på her og...
dette er alt som var igjen av den kvite
litt meir igjen av koksgrå

teknikken på bråtet har eg ikkje vore borti tidlegare,
med litt øvelse, så gjekk det likevel fort unna.
eit mønster som krev konsentrasjon,
her er mykje teljing...

tirsdag 8. september 2020

Votter Olav Tryggvason

Votter Olav Tryggvason
eit mønster eg har funne på Ravelry.
Design: Ann Ingunn Husby

Olav Tryggvason (968-1000) var konge i Norge
fra år 995-1000, 
og regnes som en av landets mest innflytelsesrike konger 
                                                      Garn: Ask , Hillesvåg Ullvarefabrikk
 
                                                               Pinner: 2,5
                                            Mønsteret er i utgangspunktet ikkje så vanskelig,

                                   men med to blåfarger så gjekk det til tider litt i surr for meg.

                         Eit skarpt auga ser nok forskjell på vottane, og nokre småfeil her og der.

                                                           Varmer gjer dei uansett.
 

fredag 4. september 2020

Karlsøyvotten

Karlsøyvotten
har ørna som hovudmotiv,
men har og elementer som fiskegarn, fisk og bølger.
Designer, Helene Benjaminsen, 
søkte Karlsøy Kommune om å få bruke ørnemotivet,
det vart innvilga i sak 11/09.
Kommunen har ørna i sitt kommunevåpen.
                  Til desse vottane har eg brukt Peer Gynt, Sandnesgarn, så vottane blir tjukke.

                                                             Pinner: 2,5 og 3


Vottepar nr 23 (til samlinga) i år

onsdag 2. september 2020

Votter med Værnesrosa

Mønsteret til desse vottane,
har eg funne i boka: Norsk strikk, Småstrikk
                                                  Garn: Ask, Hillesvåg ullvarefabrikk

                                                                 Pinner: 2 og 2,5


                                                      Vottane var enkle å strikke