søndag 26. juli 2020

Malangen votten

Eg la ut ein etterlysning på facebook,
der eg ba om tips til votter frå sør og nord.
Votter frå fleire landsdeler,
gjerne litt mindre kjente vottemønster.
Responsen var over all forventning,
mange strikkedamer landet rundt har vore fantastisk hjelpsomme.
Eit par mønster har allerede havna i innboksen min.,
andre er på vei med posten,
andre blir nok bestillt seinare.
Malangen votten,
er først ute av pinnane.
 Det finns fleire utgaver av Malangen votten.
Jørgen Johnsen skriv i sitt mønster:
"Denne votten fra Malangen i Troms har lange røtter i området.
Mønsteret har blitt strikket av mange, på ulike måter.
Dette er min variant som min bestemor Olga har strikket i mange år.
Jeg har flikket på den,
samt skrevet ned den, 
for å dele videre med deg".
 Eg har valgt å bruke rester av Per Gynt og pinner 2,5 og 3,5
størrelse: dame
eg gler meg til å strikke meg gjennom
 ein god del nye og ukjente vottemønster.
Håper eg blir ferdig i løpet av hausten,
men plutseleg blir det 2021 før eg er der...

torsdag 23. juli 2020

Genser Telemark rundstrikka

Ei dame kom med ein pose garn,
ho ynskte seg eit plagg til kyrkjeringen i bygda.
Eg la til to nøster kvitt til mønster.
genseren er strikka med pinner 3 og 3,5
Garn: Alpakka, Sandnes garn
Eg skulle eigentleg ikkje ta fatt på dette arbeidet,
før etter ferien,
men eg trong eit nytt enkelt strikk,
til å ha med seg ute blant andre,
- einsfarga rettstrikk er jo då heilt perfekt.
Eg har sagt at eg ikkje lenger tek på meg å strikke for andre,
men har lyst å bidra til kyrkjeringen, med det eg kan.
Så innimellom alle mine eigne prosjekt,
kan det nok bli litt til kyrkjeringen,
 i framtida og.

onsdag 8. juli 2020

Pulsvarmere av restegarn

Eg strikka ei kofte tidlegare i vinter,
der det var ein del garnrester igjen.
Restane har no blitt  til 3 par pulsvarmere.
 i og med at det er 3 ulike blåfarger,
laga eg ulikt antal striper,
slik at det blir lett å finne to like/par.
Mønsterstripene går igjen i kofta,
så om kofteeigaren vil,
kan desse no brukast som ein del av kofta.
Garn: Alpaca Fine, Vikinggarn
pinner nr 3