torsdag 23. juli 2020

Genser Telemark rundstrikka

Ei dame kom med ein pose garn,
ho ynskte seg eit plagg til kyrkjeringen i bygda.
Eg la til to nøster kvitt til mønster.
genseren er strikka med pinner 3 og 3,5
Garn: Alpakka, Sandnes garn
Eg skulle eigentleg ikkje ta fatt på dette arbeidet,
før etter ferien,
men eg trong eit nytt enkelt strikk,
til å ha med seg ute blant andre,
- einsfarga rettstrikk er jo då heilt perfekt.
Eg har sagt at eg ikkje lenger tek på meg å strikke for andre,
men har lyst å bidra til kyrkjeringen, med det eg kan.
Så innimellom alle mine eigne prosjekt,
kan det nok bli litt til kyrkjeringen,
 i framtida og.

2 kommentarer:

  1. Jeg strikket også en genser med Sandnes Garn Alpacka til meg ... har på seg fantastisk. Mottakeren vil være fornøyd. Flott mønster. Jeg liker. Hilsen til deg. Viola

    SvarSlett