torsdag 7. november 2019

Barnehagevotter med dinosaur

Den største bestemorgutten treng nye votter.
Barnehagevotter skal det vera-
mønster kan bestemor finna på sjølv.
Bestemor ser at bestemorgutten 
bruker klær med dinosaurer,
så bestemor finn fram bilete av dinosaurer,
og lager seg eit diagram som passer til votter.
 for å vera sikkert vottane passer,
så strikker eg først to størrelser, 
med tanke på den eldste bestemorgutten.
Eg har litt meir grønt igjen,
må spe på med litt meir svart,
og vips har bestemorgutt nr to også nye votter
 garn: rester av Pt 5 sport, pluss 1 nytt nøste med svart
 pinner 2,5.
Det har vore ganske stille her på bloggen,
men strikkepinnane har garantert ikkje fått ro.
Eg har fleire store prosjekt på gang.
Eg har og eit par ting, 
som eg må vente med å vise fram,
sånn til etter jul...
Ha ein fin dag.