torsdag 30. november 2023

Fagforbundsvotten 2015

Heil tilfeldig kom eg over denne oppskrifta.
Eit design av Tove Randi Olsen, Fagforbundet Levanger
eg valgte å bruke 3 tr. strikkegarn frå Rauma,
då eg hadde nok rødt garn, i det garnet.
Litt tjukkere enn det som er nevnt i oppskrifta,
men det blir bare varmere votter av det.
Eg brukte pinne 2,5 på heile votten.
Nok eit par som skal få henge på votteveggen

mandag 27. november 2023

Villsauvott

Villsaugarn eit nytt bekjentskap for min del.
Eg måtte "strikka det inn i hendene",
før eg følte eg fekk fart på pinnane.
Villsauvotten fås i garn/mønsterpakke 
hos Karin Flatøy Svartstad/Sommerakademiet
Design: Eli Løkkevik

Vottane vart litt store,
så eg vil nok prøve mindre pinner,
ei anna gong.
Muligheten er og å tove vottane litt.
 Eg har litt meir av same garnet,
og skal prøve meg litt fram,
i forhold maskeantall og mønster.
Alltid spennande med nye garntyper

lørdag 11. november 2023

Islender str 5 år

Eg ville ha eit lyst "utespød"
noko som er lett strikke,
når ein er saman med andre.
Valget vart denne gongen ein islender,
i baby ull,
Fargane vart valgt, når eg såg kva eg syns passa fint saman,
ut frå utvalget som var.
Eit mønster som er lett å strikke,
då same mønsterborda går igjen heile tida.

 

tirsdag 7. november 2023

Marius til baby og barn

Det har blitt nokre mariusgensere og huer i det siste,
Eg har nå fått brukt ein stor pose med mørkeblå babyull.
Kassen med babyull har minka frå overfyllt, til full :D
nokre smårester vart til huer
Eg hadde og litt grått i babyullkassen.
og hadde sett meg ut blå eller rosafarger til det grå,
men det vart ikkje så fint saman.
Grønt og svart var det som passa best,
av det eg hadde på lager.
Eg har lenge hatt lyst til å strikke i lyst garn,
 med passande farger til - i rosa eller rødtoner.
Desse fargane passa best saman,
ut frå det utvalget eg kunne velgja i.

Nå trur eg mariusmønsteret skal få pause.
Eg er heilt klar for å strikke andre ting,
men plutseleg ein dag, tek eg fram mønsteret igjen...

mandag 6. november 2023

Harry Potter pulsvarmere

Eg har vore nordpå ein tur.
Noko av det første bestemorgutten ba meg om,
var å strikke Harry Potter pulsvarmere,
Harry Potter er det store akkurat no.
Mora fann fram noko restegarn,
og snart er bestemor i gang.
Bestemorgutten lurte på om dei var ferdige til neste morgon.
Bestemor strikker raskt, 
men neste morgon var nok litt tidleg.
Bestemorgutten lyste opp,
då pulsvarmerene var ferdige før leggetid neste kveld.
Pulsvarmarene var på om natta,
og på skulen neste dag.
Gildt når ferdige produkt vert så godt mottekne.

lørdag 4. november 2023

Sitjeunderlag av saueskinnsavkapp

Eg har fått mykje saueskinnsavkapp,
i forbindelse med at eg bruker dette til nisseskjegg.
Eit tips på vegen var å bruke den grå/svarte ulla til sitjeunderlag.
Dette måtte jo prøvast.
I mangel av rammevev,
tok eg i bruk ei gamal trappegrind.
Laga nokre spor oppe og nede,
og vipps er gjenbruk eit godt alternativ.
dei første bitane eg starta med,
var nokså små, og nok i det minste til å starte med.
Det er slike ting, ein lærer undervegs.
Fekk to-tre fulle sekker påfyll etterkvart,
og fyllte på med større biter med meir ull.
etter kvart vart det meir og meir kunstneraktig..
og eg måtte stadig sette meg ned å studere det heile.
Første sitjeunderlag er ute av veven.
Litt trådfesting og det er klart til bruk.
Morro å arbeide med,
og eg er nok snart i gang med fleire.