lørdag 4. november 2023

Sitjeunderlag av saueskinnsavkapp

Eg har fått mykje saueskinnsavkapp,
i forbindelse med at eg bruker dette til nisseskjegg.
Eit tips på vegen var å bruke den grå/svarte ulla til sitjeunderlag.
Dette måtte jo prøvast.
I mangel av rammevev,
tok eg i bruk ei gamal trappegrind.
Laga nokre spor oppe og nede,
og vipps er gjenbruk eit godt alternativ.
dei første bitane eg starta med,
var nokså små, og nok i det minste til å starte med.
Det er slike ting, ein lærer undervegs.
Fekk to-tre fulle sekker påfyll etterkvart,
og fyllte på med større biter med meir ull.
etter kvart vart det meir og meir kunstneraktig..
og eg måtte stadig sette meg ned å studere det heile.
Første sitjeunderlag er ute av veven.
Litt trådfesting og det er klart til bruk.
Morro å arbeide med,
og eg er nok snart i gang med fleire.

4 kommentarer:

  1. Så flott! Selger du?

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Det blir nok salg etterkvart, når eg får fleire ferdige.

      Slett
  2. Så smart! Dette blir gode og varme sitteunderlag!

    SvarSlett