lørdag 21. november 2009

Votter

Randi med bloggen in my mothers name har designa dette mønsteret
ho har lagt det ut for salg til inntekt for kreftforeninga.

Eg har brukt Pt 5 i mange sokkepar, og hadde ein del restar liggjande
har brukt dei fargane eg hadde mest av....
og pinner nr 3


Det var morosamt å strikka vottane
med eit mønster som er litt annleis enn det eg er van med.

torsdag 5. november 2009

Oppskrift vesketøfler

Jauvisst, kan eg dela oppskrifta med dykk....

eg har fått oppskrifta på dagavdelinga,
men eg veit ikkje kven som har skreve ho ned
eg har teke bilete av den kopien eg har med meg her på treningsleiren
håper den vert leseleg når de skriv ut oppskrifta.
Når ein er ferdig å strikka, så bretter ein arbeidet på midten
då ser ein kor ein skal sy dei saman....
i sidene langs vrangborda og oppe på "veskehandtaket..
Lykke til!

søndag 1. november 2009

Vesketøfler

Eit par med vesketøfler er laga på eit par timar
eit enkelt arbeid å ha med seg

ein tøffel ferdig strikka og klar til montering...
.
denne gongen brukte eg garnet: perfect
men eg vart ikkje heilt fornøgd med det
sist brukte eg fritidsgarn
lika det garnet bedre til vesketøflane.....
eit par vesketøfler ferdig montert
dei ser små ut,
men er tøyelige og passer godt på foten.