mandag 25. mai 2015

Dåpskjolen i bruk

Den store barnedåpen er over,
- veslegut vart fin i den nye dåpskjolen.

lørdag 23. mai 2015

Votter 2015 Helene

Detter vottemønsteret er laga av Randi K design
Det vart dedikert til hennes søster Helene som fekk brystkreft i 2007.
Mønsteret vart blant anna solgt til inntekt til brystkreftforeninga i Egersund
Mønsteret er ikkje vanskelg å få til,
men ein må telle masker gjennom heile rosemønsteret.
Garn: Pt 5 sport
pinner nr 2,5 og 3
 - først når vottane var ferdig montert,
såg eg at eg hadde vore litt for ivrig på vott nr to,
og gløymt nokre omganger med bunnfarge,
 før eg starta på første mønsterbord
jaja, sånn kan det gå...
 - og varmer gjer dei jo uansett...

onsdag 20. mai 2015

Votter 2015 sommerfuglvott

Eg har ei tid sysla med tanken om å lage votter med sommarfugl på.
Kvifor akkurat sommarfugl?
Det er fordi sommarfugl er emblemet til ein organisasjon som eg arbeidar ein del for.
Debra Norge og Debra International er to organisjonar under same "paraply", 
og arbeidar for personer med hudlidelsen EB.
Gjennom dette arbeidet møter eg mennesker frå heile verden,
og i løpet alle desse åra har eg fått nye venner både her og der.



Første utkast:
i og med planen er å lage mange vottepar,
skal mønsteret vera enkelt, samtidig som det viser igjen...
 - etter å ha justert mønsteret ein del,
er no vottane blitt slik
 - planen er å bruke restegarn 
og alle vottane skal ha ein liten eller større fargeforskjell i mønsteret
 - Garn: Pt 5 sport
pinner 2,5
- på mi reise i Slovenia møtte eg fleire av mine Debra venner
- fleire av votteparene har nå fått nye heimar rundt om i Slovenia.

tirsdag 19. mai 2015

Ribbestrikka Marius x 2

Denne gongen har eg brukt Perfect frå Sandnesgarn og pinner nr 3
 Genserne er ei gåve til to hjelpsomme damer,
som takk for organisering, omvising og transport,
under eit besøk i Slovenia
- det er morro å kunne ta med heimelaga gåver...

søndag 10. mai 2015

Votter 2015 Torskevott

En liten Lofottorsk jeg er
for jeg er født i Henningsvær
Faderulladei, fadderulladei, fadderulldullandei
.
Det er uvisst om dette møsnsteret har opprinnelse i Henningsvær,
mønsteret er spesielt laget for juleavisa til Lofotposten 2011.
Det er en vott i tradisjonell stil og den strikkes på et par kvelder.
- litt anneledes men morsomt mønster å strikke
Garn: Smart, Sandnesgarn
Pinner 2,5 og 3

fredag 1. mai 2015

Votter 2015 Sjyvotten

Sjyvotten - eit tradisjonsmønster.
Vottane vart brukt av fiskarane i Lofoten og Vesterålen.
Dei vart strikka av heimaspunne garn.
- to par sjyvotter klar til toving
 - eg har brukt Pt 3 garn frå Rauma Ullvarefabrikk
og ein liten rest Pt 5 sport til mønsterfarge
pinner 5 og 3,5
 - eg tova vottane i  maskinen,
på 40 grader og vanleg vaskeprogram 
med litt grønnsåpe
- mønsteret på desse vottane har eg fått tak i gjennom Sortland Husflidslag
Tusen takk for hjelpa til damene der.
Etter som tida går og nye vottemønster kjem i hus,
 ser eg at det finns utruleg mange lokale tradisjonelle vottemønster.
Eg har kjøpt nokre hefter og bøker,
mest frå den nordre delen av landet,
men er interesst i gamle mønster frå heile landet.
Har du eller kjenner du til eit gamalt mønster frå ditt nærmiljø,
er eg takknemleg for alle tips.
Finns det litt historie bak mønsteret, set eg pris på å få med det og...