Eg har ei tid sysla med tanken om å lage votter med sommarfugl på.
Kvifor akkurat sommarfugl?
Det er fordi sommarfugl er emblemet til ein organisasjon som eg arbeidar ein del for.
Debra Norge og Debra International er to organisjonar under same "paraply",
og arbeidar for personer med hudlidelsen EB.
Gjennom dette arbeidet møter eg mennesker frå heile verden,
og i løpet alle desse åra har eg fått nye venner både her og der.
Første utkast:
i og med planen er å lage mange vottepar,
skal mønsteret vera enkelt, samtidig som det viser igjen...
- etter å ha justert mønsteret ein del,
er no vottane blitt slik
- planen er å bruke restegarn
og alle vottane skal ha ein liten eller større fargeforskjell i mønsteret
- Garn: Pt 5 sport
pinner 2,5
- fleire av votteparene har nå fått nye heimar rundt om i Slovenia.
Imponerende innsats, og nydelige votter! Så snill du er!
SvarSlettKlem fra Ingunn
Tusen takk, Ingunn. Votter
SlettTusen takk, Ingunn. Votter/sokker eller anna småstrikk er eit godt alternativ til blomster :D