Viser innlegg med etiketten dokkeklær. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dokkeklær. Vis alle innlegg

tirsdag 17. desember 2019

Ein kaninvenn treng og klær

Ein av bestemorguttane ringde til bestemor:
"du bestemor, kan du strikka klær til kaninvennen min?"
 "kaninvennen frys her
 og her"


Det kunne jo bestemor.
"men først må eg få ta mål av kaninvennen din" seier bestemor.
Neste gong bestemorgutten kom på besøk,
var det viktig å få måle kaninvennen

Bestemor syns det var litt vanskelig strikke etter mål,
kaninvenn har ein litt spesiell fasong.
I all hemmelighet har bestemor kjøpt ein ny kaninvenn,
som var god å ha når kleda skulle tilpassast.


 Bestemor fann fram rester av Pt 5 sport,
pinner nr 3
 kleda vart til undervegs
her måtte det aukast og fellast både her og der.
Hua måtte få opninger til øyrene
 K for kaninvenn
metallknapper frå eit lite knappelager,
passer godt til jakken
Kaninvennen i nye klede
 Bestemorgutten kjem sørover i kveld,
kaninvennkleda ligg klar.
Nå treng ikkje kaninvennen fryse,
verken i blesten på Jæren,
eller i kuldegradene nordpå.

onsdag 5. august 2009

dokkeklær 2

I Tyskland har eg ei lita venninne, som leikar ofte med dokka si.


Hennar mor, far og onkel spelar i dette sekkepipeorkesteret

sjølvsagt fekk eg ein ide om å kopiera uniformen, og spøta ein til dokka.



slik vart resultatet


har fått litt hjelp av dotter mi til slipset, ho lagar ofte vennskapsbånd, og brukte same teknikken på slipset



skal vi danse.....

lørdag 25. juli 2009

dokkeklær

Har i det siste strikka ein del dokkeklær, mest for morro skyld.


Starta med dette settet, i fleire utgaver

når eg var ferdig med denne kjolen, såg eg at hatten og sokkane passa like godt her


det var litt arbeid å få til desse kjolane, men når eg først hadde fått til ein, så var det morro å laga fleire

pelsgarn er populært blant dei små, så kjolen vil nok bli godt mottatt der han havnar..