fredag 10. juni 2022

Blåbotna votter frå Jukkasjärvi/Cohkkiras

Ein mønsterpakke frå Stoorstålka, Sverige
Garn: Siessa, 100 % ull
votter og mønster er lette å strikke,
men det vart noko merkelig ved fellingane på vottane.
eg tok opp ei gong,
men når det bare vera slik..
anbefalt pinne 2,25
eg brukte 2,5 og strikka damestørrelse.
vottane vart store, og passer til ei stor herrehand.
Pinne 2 eller 1,5 vil nok passe bedre
Fine votter i friske farger

søndag 5. juni 2022

Sokker med mønster til dame og herre

Herresokker i str 46 var bestillinga.
Farger og mønster kunne eg finne utav..
Eg starta med 3 par i ulike farger,
for eg visste ikkje heilt kva mottaker ville like best.
eg starta med garn eg hadde heime,
og gjorde ferdig desse sokkepara først.
mannen valgte seg blått, kvitt og rødt,
då måtte det meir garn til,
for å få dei store nok.
Som vanleg var eg raus med innkjøp av garn,
og hadde nok til to par...
eg prøvde meg litt, med to og tre farger
eg fann mønsterstripe på pinterest,
og tilpassa denne til mitt behov
Garn: Viking sportsragg
pinner nr 3
Det er morro å strikke nye mønster,
og leike seg med farger