Viser innlegg med etiketten Votter 2016. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Votter 2016. Vis alle innlegg

torsdag 29. desember 2016

Votter 2016 barnevotter (og sokker) store maskiner

Store maskiner, det er det mest spennande som finnst..
i allefall meiner barnebarnet det..
Då det før jul vart spørsmål om votter med gravemaskin på,
var ikkje bestemor sein til å finne fram garn og pinner
 - bestemor har jo og nokre idear på lur..
og laga samtidig dei sokkane ho hadde tenkt på ei tid..
 Garn: Silja
Pinner: 2,5
 fann diagram på internet,
og laga eit eige mønster
- et lite vask 
og så er votter og sokker klar til bruk.
Laga to sett, så eg har eit slags mønster,
 i tillegg til det som vart teikna og skreve undervegs...

lørdag 13. august 2016

Votter 2016 Kopi av Knut sine votter

Dette mønsteret har eg teikna av,
frå eit par votter som Knut har.
Utanom at det er ei dame frå Tana,
 som i si tid strikka vottane eg har kopiert, 
veit eg lite om mønsteret.
 - eg har valgt tilnærma dei same fargane
Garn Pt 5 sport
morosamt og spanande med "nye" mønster

torsdag 28. juli 2016

ensfarga votter med viftemønster

Eg har lenge tenkt å prøva ut dette sokkemønsteret på votter
 - i sommar har eg laga utallige slike sokkepar,
og brukte tida til å tenkje ut kva som ville vera best til votter
- eg sat igjen med to forslag
her er det eine
 mønster på utsida av vottane
2 rette og 2 vrange på innsida
 - vottane sit godt inntil handa
- men det kan henda det blir trekk i hull mønsteret.....
eg vart uansett godt fornøgd med resultatet

søndag 15. mai 2016

Votter 2016 Christmas Magic

Eg har denne gongen valgt eit mønster frå Drops Design
Christmas Magic
Når eg ser på vottane,
tenkjer eg meir på nyutsprungne blad,
og nye skot på grantrea,
enn jul og juletre.
Kanskje fargevalget speler inn her...
 Garn: Smart, Sandnesgarn
Pinner: 3 og 3,5
- eg har ikkje laga denne typen tommel tidlegare,
det var ikkje meir arbeid enn med vanlig tommel
 - fargane passa godt saman med den gamle kyrkjegardsporten
 - vottane passar nok best til ei jentehand,
dei vart i minste laget til ei godt vaksen damehand... 
- mønsteret fann eg på Drops deisgn sine internettsider
- lettstrikka og eg brukte ikkje så lang tid pr vott..

mandag 2. mai 2016

Votter 2016 mønster frå Tjöck, Sverige

Desse vottane har lånt form og mønsterborder
frå eit par gamle votter frå Tjöck, i Södra Österbotten, Sverige.
Dei gamle vottane, som frå tida før 1. verdenskrig,
finns på Åbo landskapsmuseum.
 Dei gamle vottane er strikka i syntetisk lysande, 
ja, riktig grelle farger, med kvit bunnfarge.
 - svart bunnfarge er og nokså vanlig
til denne typen votter.
 - eg fekk mønsteret tilsendt frå Sverige,
Tusen takk til ASO, 
som er så snill å sende meg gamle vottemønster frå Sverige
- eg ser i ettertid at eg har valgt litt duse farger på kvit bunn,
- dei same fargane vart litt meir fremtredene mot svart bunn.
Garn: babyull
Pinner: 2

torsdag 21. april 2016

Votter 2016 barnevotter med mønster frå Porsanger

Porsanger Husflidslag laga dette heftet, 
etter ei utstilling i 1983, av Porsangervotter.
det spesielle med votten er at alle brukte den, 
både samer, kvener og nordmenn
Det vanligste er å bruke tre farger,
men det finnes også mønstre med fire farger.
 - mønsteret eg har brukt, 
er fra Marit Katrine Andersen fra Igeldas.
Hun har strikket votter i mange år, 
og hadde flere fine mønstre å vise fram.
Disse mønstrene har hun fått via kjente
 og fra tidligere generasjoner
 - ofte fant man de samme mønstrene på flere steder
langs Porsangerfjorden,
men med en liten variasjon som fortalte litt om
hvor mønstrene stammet fra.
Garn: Pt 5 sport
Pinner: 2,5

fredag 15. april 2016

Votter 2016 frå Sverige med inspirasjon frå Tyrkia

Denne oppskrifta har eg fått tilsendt frå Sverige.
Mønsteret stod i eit svensk ukeblad.
Designer er Lotta Persson,
hun har latt seg inspirere av Tyrkia.
Det speilvendte mønsteret sies å beskytte mot det "onde øyet"
Det beskytter og mot svensk vinterkulde.
 - vottane er forholdsvis enkle å strikke,
- det er en heklet kant nederst på vottane,
som består av fastmasker og picot
-Garn: Pt 5 sport
pinner: 2,5

onsdag 6. april 2016

Vottemønster fra Sør-Varanger 3

Ei 3. og siste mønsterbord frå dette heftet,
 Barnevotter.
Komponert og tegnet av Nelly Must,
etter ide fra mønster på en lue fra Sør-Varanger
 - eg har brukt Pt 5 sport og pinner nr 2,5
- størrelsen på vottane er ca 2/3 år
 - snorer fletta med 4 tråder
 - dette var eit enkelt mønster å strikke,
- eg gjorde eit dykk i Pt 5 restekorga,
og snart hadde eg fleire fargerike vottepar
 - i denne farge fann eg 2 nøster,
og laga eit sokkepar i same mønster
 - her har eg brukt same oppskrift,
men pinner nr 2,
og rester av Silja og babyull
str på vottane her er til ca 1 år og baby (ca 6 mndr)
eit vottepar med tommel og eit uten

mandag 4. april 2016

Votter 2016 Vottemønster fra Sør- Varanger 2

Eg har valgt meg ut nok eit mønster frå dette heftet.
 Mønsteret er tegnet av etter belte til Sør-Varanger kofte,
i forminsket format.
Mønsteret er gammelt.
Nelly Must har fått lånt det av Ragna Varsi, Tana,
som driver med belte og skallebåndveving.
 Garn: Pt 5 sport
pinner 2,5
 - snora er fletta med 4 tråder
- etter at eg var komen godt i gang med strikkinga,
har eg fått vite at Ragna Varsi er slekting av min svigerson...
- verda er ikkje stor....

søndag 3. april 2016

Votter 2016 Vottemønster fra Sør-Varanger 1

Heftet "Votter fra Sør-Varanger,
er ei samling mønster som er brukt i Sør-Varanger.
Ikkje alle har sitt opphav her.
Nelly Must har samla inn gamle mønster.
enkelte er brukt til andre ting
og Nelly har laga dei om til vottemønster 
- mønsteret er frå Tana,
men har og vore mykje brukt i Sør-Varanger
- desse vottane har alle ei enkel mønsterstripe
 mellom ribbestrikk og tommel
 - alle vottane har snor,
desse er fletta med 4 tråder
 eg har brukt 
garn Pt 5 sport
pinner 2,5
Damevotter

fredag 18. mars 2016

Votter 2016 Sommerfuglvott til baby og småbarn

For ei tid tilbake laga eg eit mønster
 til sommerfuglvotter for vaksne
og har lenge tenkt eg skulle laga ein variant for små barn.
 - dei minste vottene str  ca 3-12 mndr er utan tommel,
medan ca 12-18/24 mndr er med tommel
Garn: Silja
har prøvd meg fram med pinner 2 og 2,5.
- på dei minste vottane vil eg nok satse på pinne 2
og 2,5 på dei største

tirsdag 16. februar 2016

Votter 2016 100 åring frå Sverige

Eit svensk tidsskrift fekk tilsendt 
eit par nesten 100 år gamle votter frå Bergsjö.
- ein designer har teikna nytt mønster av dei gamle vottane.
 - mønsteret vart publisert i tidskriftet/ukebladet,
som eg igjen fekk eg tilsendt av svenske venner..
- slik havna dette mønsteret på Jæren
- eg har brukt baby ull og pinner nr 2
- dette var morro å halde på med