Lotusvotter
design: Vivian As
Garn: Drops Lima
Vottane er letter å strikke,
med pinnestørrelse som eg liker å bruke.
Eg har ikkje brukt Drops sitt garn så mykje,
men dette var fint å strikke med.
Det er litt "løye" som vi seier på Jæren, eller rart,
det der med strikkepakker...
Her såg eg fort at det var mykje garn i posen,
Eg vog restane og fann ut at det skulle gå akkurat
med begge farger - til eit par nr 2.
Vel det vart bitte litt for lite med mønsterfargen,
- så par nr to fekk einsfarga tomler.
Under er garnet som var igjen,
etter to par votter...
- ikkje veit eg korleis ein rekner,
når ein lager strikkepakker...
Med 1 nøste til,
i botn eller mønsterfarge, kunne det blitt eit par nr 3.




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar