tirsdag 18. oktober 2022

"Zürich" genser

Ein genser som skal bli julegave
til ein av mine..
Ein gild genser å strikke
Genseren er strikka i Alpaca Storm, Vikinggarn
Pinne 3 og 4
Mønsteret er og frå Vikinggarn.
 

mandag 10. oktober 2022

Pulsvarmere i restegarn

10 par pulsvarmere 
fritt valg av farger og mønster
utan tommel,
ull er fint
gjerne restegarn.
slik var bestillinga eg fekk
eg fann fram rester av
 Tynn merino, Sandnesgarn
og
Alpaca fine, Vikinggarn
og pinner nr 3
som med alle mine restegarnsprosjekt
blir fargesamasetning og mønster til undervegs.
lengden blir og litt etter kor mykje garn eg har
10 par pulsvarmere
ingen par er like,
verken i farger eller mønster.
 

lørdag 8. oktober 2022

Holly jolly hat

Eg var på jakt etter eit enkelt arbeid
til å ha med ute blant folk.
Eg kom over denne oppskrifta på nettet, Drops design,
med akkurat nok mønster for eit "utespøt"
det som skulle bli ei hue,
vart med eitt 6, i to størrelser.
eg har brukt Viking sportsragg, frå garnlageret
For å få to størrelser,
 strikka eg med same maskeantal
på pinne 3,5 til herre
og pinne 3 til dame.