Viser innlegg med etiketten teststrikking av nye mønster. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten teststrikking av nye mønster. Vis alle innlegg

mandag 28. mars 2016

barnegenser Bror min

Dette mønsteret er under produksjon 
og designet av Randi K Design 
Eg har vore teststrikker for henne.
Mønsteret er snart ferdig og kjem for salg på ravelry
Denne genseren er i str 7-9.
"Bror min" finns det str frå 3-10 år,
under 3 år "Martin" har fått ein litt anna opning i halsen
Mønsteret er lett å strikke
Eg har brukt Smart Garn 
pinner 2,5 og 3

onsdag 9. juli 2014

testing av nytt mønster 2

Den første genseren gjekk det greitt å strikka
- nr 2 begynte bra
- bol og armer vart eg forsåvidt okei fornøgd med
- eg strikka vidare på mønsteret, på bærestykket,
eg vart mindre og mindre fornøgd med strikkeresultatet.
Når eg var komen litt ovanfor midten,
oppdaga eg selvfølgeleg og ein feil,
 i det som eg allerede hadde strikka.....
 - vel, enden på visa vart, at eg rekkte opp att heile mønsteret,
og strikka bærestykket einsfarga,
For heilheten tok eg med øverste bord i mønsteret.
- sjølv på denne enkle borda klarte eg å gjera feil.
og måtte rekkja opp att......
Nei, denne gongen var det "ikkje min dag" 
 - eg fekk iallefall eit ferdig produkt,
om det ikkje vart som det skulle....
- det halvferdige produktet som det kunne blitt,
vart ikkje lagt på lagring i skapet eller kasta i bosset.....
.
Genseren vart etter mitt syn fin likevel,
og varmer gjer han uansett....

mandag 30. juni 2014

testing av nytt mønster

Randi K design lager stadig nye flotte strikkemønster.
Då ho spurde etter nokon som ville teststrikke eit mønster som er under arbeid,
var eg ikkje sein om å melda meg.
Dette mønsteret vil etter kvart bli lagt for salg ut på Ravelry,
det trengs litt finpuss på mønsteret før det er heilt klart.
Eg brukte noko garn eg hadde liggjande,
Superwash sport, frå gjestal.
Det vart litt tjukt når eg kom til hovudmønsteret,
men elles greitt å bruke.
Er no igang med genser nr to
denne gongen bruker eg Smart, frå Sandnes Garn