Viser innlegg med etiketten en uhøytidelig vottealong 2020 (facebook). Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten en uhøytidelig vottealong 2020 (facebook). Vis alle innlegg

søndag 20. desember 2020

Votter Juleglede

Oppskrifta til desse vottane,
kom saman med garn til votter og hue,
i strikkepakke frå Hillesvåg Ullvarefabrikk.
Design: Kari Hestnes
Garn: Ask ullgarn, Hilesvåg ullvarefabrikk
Piner: 2,5
dei svarte maskane er strikka inn
Eit par votter,
som passer til tida vi er inne i nå.

søndag 15. november 2020

Votter ala Samisk flagg

Eg har spurt litt rundt, 
om det finns mønster/designer til desse vottane,
men det har eg ikkje funne.
Vottane er strikka etter foto
av votter som er i bruk, i Tana.
Eg prøvde først å strikke i Ask (vott til venstre)
Blå og grønn har feil fargetoner.
Deretter fann eg fram noko 3 tr. Rauma garn,
( i midten) her er og grønn feil.
Til slutt søkte eg råd 
hos nokon som er litt meir kjent med dei samiske fargane.
Av dei 4 ulike grønnfargane eg hadde,
fekk eg klarsignal for den grøne i vott til høgre.
Når dette skal vera det Samiske flagget,
er eg litt oppteken av å få så rette farger som mulig.
vottane er enkle å strikke,
Eg hadde nok meir utfordring 
med å få rund og jevn sirkel.
Eg trur eg knekte koden tilslutt

    Pga vind og regn, så fotograferte eg vottane inne,
                då blir ikkje alltid fargane som dei skal,                  
     slik at bileta viser nok ikkje heilt korrekte farger,

torsdag 8. oktober 2020

Caroline Halvorsens votter

I oktober, i en uhøytidelig vottealong 2020,
er tema fletter.
Eg valgte Caroline Halvorsens vott, Oslo,
frå boka: Votter, Strikkemønstre fra hele Norge
Nina Granlund Sæther

Nina Granlund Sæther skriv: (utdrag)

Danmark fikk sin første strikkebok allerede i 1847.

I Norge skulle det gå enda mange år, før vi fikk tilsvarende bok.

I 1901 kom Caroline Halvorsens "Strikkebog for barneskolen og hjemmet". For første gang fik vi en pedagogisk bok som tok for seg grunnleggende strikketeknikk fra dem enkleste lapp til avanserte strømper

Caroline Halvorsen var blant de første elevene ved Den Kvindelige Industriskole i Kristiania, da den åpnet i 1875. Året etter ble hun lærer.

Når eg såg gjennom mønster og omtale,
så virka denne strikkeboka frå 1901 noko kjent.
Det er same bok eg har arva via mor, 
som igjen arva denne av ein slektning,
som ein gong i tida var handarbeidslærerinne.
Tilbake til vottane
Etter at eg gjorde eit stort innkjøp på Hillesvåg Ullevarefabrikk,
så har eg strikka mykje i garn derifrå.
Her er brukt Ask og pinner nr 2.
Kan nok med fordel bruke pinner 2,5 
om eg skal stikke desse vottane ei anna gong,
dette paret vart litt i det minste til meg.
fargen er nok litt meir grøn,
enn det som viser på biletet..

fredag 4. september 2020

Karlsøyvotten

Karlsøyvotten
har ørna som hovudmotiv,
men har og elementer som fiskegarn, fisk og bølger.
Designer, Helene Benjaminsen, 
søkte Karlsøy Kommune om å få bruke ørnemotivet,
det vart innvilga i sak 11/09.
Kommunen har ørna i sitt kommunevåpen.
                  Til desse vottane har eg brukt Peer Gynt, Sandnesgarn, så vottane blir tjukke.

                                                             Pinner: 2,5 og 3


Vottepar nr 23 (til samlinga) i år

lørdag 9. mai 2020

Votter: Tornerose, med amerikansk tommel

Maivotten i en uhøytidelig vottealong,
ja, den skulle ha sidetommel,
eller som det og heiter: amerikansk tommel.
Eg leita gjennom mine mønstre,
og landa på votten, Tornerose
frå boka Eventyrvotter.
(Vottemønstre med inspirasjon fra eventyrene våre).
"Når var de hundre årene gått,
og Tornerose skulle vekkes.
Da prinsen nærmet seg tornehekken,
så han at den var full av store, vakre blomster"
Eg fann nokre rester av finullgarn
og brukte pinner nr 3
Dette er ein liten damevott

søndag 12. april 2020

Søndagsvott

En uhøytidelig vottealong,
aprilvotten skulle ha blomster.
Eg leita gjennom nye og gamle oppskrifter,
og fann denne i eit bilag til Familien, i 2013
 bunnfarge måtte eg kjøpe,
mønsterfarger er rester etter andre prosjekt.
Rauma Finull Pt 2 
pinner 2,5
 oppskrifta hedde nokre feil og mangler,
men desse var enkle å rette opp
God søndag/1.Påskedag der du er.

onsdag 18. mars 2020

Votter Martna, Estland

En uhøytidelig vottealong, marsvotten
denne skulle ha latvisk flette.
I mønsteret, som står i ei strikkebok frå Estland,
blir denne kalla islandsk flette.
Denne boka inneheld ei samling av gamle vottemønster,
frå forskjellige deler av Estland.
 Eit par gamle votter vart donert,
 av ein person frå Uuteo gardsbruk,
bygda Nömme, Martna menighet.
 vottane er strikka med 72 masker,
på pinner 1,5
Rauma Lamullgarn.
som på dei fleste av desse estikske vottane,
er og tommel strikka i same mønster som vott.
Pinner 1,5 eller synåler som min mann kalla det,
er litt smått/tynnt å strikke med,
men om ein tida til hjelp,
så går det heilt fint.

torsdag 13. februar 2020

Votter "Hjertesølje"

"Hjertesølje" frå boka "Votter". (Nina Granlund Sæther)
Tema for februar - en uhøytidelig hjertealong
er hjerter.
Eg leita gjennom alle mine "på vent" mønster,
og valgte hjertesøljevotten
 Eg har brukt baby ull og pinner 2,5
 Eit ganske så detaljrikt mønster,
men når ein tek linje for linje,
så går det framover, litt etter litt.
Heilt klart eit "heimaspøt"
dvs ikkje noko arbeid å ha med seg ute blant andre.
Garnet er funne fram frå eige lager,
og eg håper det kan fortsetja slik.

tirsdag 14. januar 2020

Selbuvotter til dame

Mitt bidrag i Januar"en uhøytidelig vottealong 2020"
- ei gruppe på Facebook.
Tema var Selbuvotter
Det skulle vera i fargane svart og kvitt,
innside og utside vott, skulle ha ulike mønster
 eg valgte eit mønster eg ikkje har strikka tidlegare,
dermed blei det og eit nytt par til vottesamlinga mi
 Garn: Røros Lamullgarn, Rauma
pinner nr 2
Dette paret er strikka i garn frå granlageret,
måtte det bli slik resten av året og..