fredag 31. desember 2021

Glascow genser

Det største prosjektet i 2021,
starta med 3 herregensere,
Mønsteret er eit Vikinggarn design,
Garn: Alpaca Storm, Vikinggarn

Underveis kom tanken 
om å forminske mønsteret, 
til to gensere i barnestørrelser.
Eg laga meg eit forenkla diagram,
og brukte deler av border nede på genseren
.
For å få den ned i størrelse 9mndr,
så brukte eg koksgrå og kvit baby ull.
Der det er Oliven brukte eg Alpaca Storm,
for eg fann ingen farge som kunne passe,
i baby ull eller tilsvarande garn.

Størrelse 2 år
Her brukte eg same diagram som til 9 mndr
og strikka i Alpaca Storm
Til begge genserene 
har eg brukt ei oppskrift i rett garntype,
som utgangspunkt,
og rekna meg fram til plassering av diagram og border

Genser til far, sønn, svigersønn og to barnebarn,
låg under juletreet i år.
Det var gildt å strikke desse genserene,
Eit enkelt mønster
som gjorde mykje utav seg.
Dei få omgangane med oliven,
ga mykje liv i mønsteret.
 Dette var det siste 
av mine hemmelige prosjekt i 2021.

torsdag 30. desember 2021

Troll i skogen og trollunge votter

Etter ynskje har eg strikka trollvotter
 til fleire i familien.
Eit design frå @TonjeinOslo
.
Troll i skogen oppskrift til vaksen størrelse.
Desse strikka eg i Peer Gynt på p 3
Trollunge er til barn.
Det er kun ein størrelse i oppskrifta,
så eg har brukt ulike pinne og ulikt garn,
for å få forskjellige størrelser.
Tommel vart for smal etter mønster,
så eg har auka ei ekstra gong,
før eg sette av masker til tommel,
og la opp to ekstra bak på tommel
I alt 4 masker ekstra på tommel
.
Tre par i baby ull
pinne 2, 2,5 og 3


Eco Highland pinne 2,5
ca 7år
Peer Gynt pinne 3
ca 8-10 år
tre størrelser baby ull
ca 1-2 år, 3 år, 4 år
trollevotter i alle størrelser
Eit gildt mønster å strikke

mandag 27. desember 2021

Cortinasokker til dame og herre

Cortinasokker strikka i garnet 
som er oppgitt i mønsteret frå Dale
- Alpakka Forte, eit mjukt garn, men dyrt.
Eg strikka etter mønsteret 
og brukte piner  2,5 og 3.
Diagrammet er ikkje likt 
på begge sider i rapporten.
Eg har og strikka min vanlige hæl.
Dette paret passer dame 
Har etterpå strikka i ulike garntyper.
Eg har ikkje felt etter vrangborda, som i mønster,
og har brukt pinne 3 heile tida.
Eg har og endra på diagrammet,
og har likt antall masker heile tida.
Desse 3 para passer til herre.
Pt 5 superwash, Rauma
Silja, Gjestal garn
Viking sportsragg, Vikinggarn
4 par sokker som låg under juletreet.
Eit fint mønster, 
som eg nok vil bruke fleire gonger

lørdag 25. desember 2021

Kalsitt vest

Ein av fleire av gaver som låg under juletreet i år,
var ein Kalsitt vest,
- etter ynskje frå mottaker
Mønster og garn er frå House of Yarn
Garn: Faerytale, børsta alpakka frå Peru
Pinner: 5,5 og 7
Med så store pinner,
gjekk det ganske fort å strikke vesten.
Garnet er ikkje mitt favorittgarn, 
men vesten vart mjuk,
og varmer nok godt.
Mottaker vart iallefall fornøgd,
og det er jo det viktigaste.
 

mandag 20. desember 2021

"Broom" genser i restegarn

Det siste restgarnsprosjektet for denne gong
vart ein Broom genser, mønster frå Vikinggarn.
i str 4-5 år.
Genser og farger blir til undervegs,
Alt etter kva farger eg tykkjer passer saman,
akkurat då
Når ein strikker med rester og mange farger,
så blir det jo og mange tråder å feste..
Det går jo ganske fort når ein bare kjem i gang...
Eg har brukt alpaca Storm, Vikinggarn
Pinner 3 og 4

lørdag 11. desember 2021

Jorids julekalender 2021 - Jorids julestjerne

Jorid Lindvik har i år og,
laga julekalender med eit vottemønster.
Mønsteret vart offentleggjort i 5 deler,
med ei veke mellom kvar del.
Det er morro å strikke slik,
utan å vite resultatet på førehand.
Ein får i forkant tips om farger og pinnestr.
I ettertid har mønsteret fått navnet 
Jorids Julestjerne
Eg valgte meg eit tynt garn,
ãhkko, 100 % rein ull, frå Stoorstålka
 og pinner nr 2

Eit fint mønster,
som eg nok kjem til å bruke fleire gonger
 

søndag 5. desember 2021

"Akva" genser

Så vart det med eitt nok ein genser
med garn frå garnlageret.
 i str 1-2 år.
Eg liker ha litt enklere strikk,
nå eg strikker i lag med andre,
og har som regel alltid eit "utespød" på pinnane.
Det er fortsatt garn frå posen 
med alpaca storm, Vikinggarn
pinner 3 og 4
Det minker godt i denne posen,
men eg trur eg får nok til ein genser til,
ein fargerik ein.
 

torsdag 2. desember 2021

Babysokker x 2

Babysokker x 2 
strikka for ein venninne
str nyfødt
det er lenge sidan eg har strikka slike sokker,
og eg rota litt undervegs,
men resultatet vart ganske bra
Eg har brukt tynn merinoull, Sandnesgarn
og pinner 2,5

små plagg som skal i bruk i våren