Det største prosjektet i 2021,
starta med 3 herregensere,
Mønsteret er eit Vikinggarn design,
Garn: Alpaca Storm, Vikinggarn
Underveis kom tanken
om å forminske mønsteret,
til to gensere i barnestørrelser.
Eg laga meg eit forenkla diagram,
og brukte deler av border nede på genseren
.
For å få den ned i størrelse 9mndr,
så brukte eg koksgrå og kvit baby ull.
Der det er Oliven brukte eg Alpaca Storm,
for eg fann ingen farge som kunne passe,
i baby ull eller tilsvarande garn.
Størrelse 2 år
Her brukte eg same diagram som til 9 mndr
og strikka i Alpaca Storm
Til begge genserene
har eg brukt ei oppskrift i rett garntype,
som utgangspunkt,
og rekna meg fram til plassering av diagram og border
Genser til far, sønn, svigersønn og to barnebarn,
låg under juletreet i år.
Det var gildt å strikke desse genserene,
Eit enkelt mønster
som gjorde mykje utav seg.
Dei få omgangane med oliven,
ga mykje liv i mønsteret.
Dette var det siste
av mine hemmelige prosjekt i 2021.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar