lørdag 25. mars 2023

Flokkengenser til barn x 2

Eg pleier ikkje å hive meg over nye design,
men denne gongen var eg på jakt etter noko nytt å strikke.
Vikinggarn har nettop gitt ut dette mønsterheftet,
og eg lika det eg såg...
den vesle mønsterborda og fargeskiftet
laga mykje liv i genseren.
Eg har brukt Viking sportsragg, som var forslag i mønsteret
og pinner 3 og 3,5
Der er og oppskrift til sokker og huer,
 så kanskje det vert noko av det og, etter kvart.
 

tirsdag 14. mars 2023

Kanalkofte/genser

Eg har lenge hatt dette garnet på lager,
då eg ei gong i tida kjøpte dobbelt opp,
i tilfelle den genseren eg då skulle strikke,
vart for liten...
Denne vårlege fargen er ikkje lenger å få kjøpt,
i Smart, Sandnesgarn.
Eg rekna og rekna, på meter i kvart nøste,
for å finne ut kor stor genseren kunne bli.
Eg hadde svaret, trudde eg,
og sette i gang med ein genser i st L.
Når bolen var ferdig, såg eg fort at eg hadde rekna feil.
Eg rekna på ny,
 og tok fatt på str S.
Likevel vart det i minste laget med grønt.
Eg hadde ein del kvitt,
og valgt å bytte farger på mønsterdelen.
Eg fekk då, både litt grønt og kvitt til overs.
Eg har brukt pinner 3 og 3,5.

Denne blå strikka eg i haust,
eg liker godt begge variantane.