mandag 15. april 2019

Tanagenser forbedra utgave

Då har eg kome i mål,
med den forbedra utgaven av Tanagenseren.i str L
 litt lengre på armer og bol
 ein hel del mindre i halsopninga
og mottager er fornøgd
alt er nå notert ned,
og mitt eige mønster er klar til bruk
om eg skulle få spørmål om fleire slike gensere...

onsdag 10. april 2019

"Lykke" jakke og hue

Barnesett i Viking design
str 1 år
 strikka i viking babyull
det vart eit par utfordringer undervegs,
då der er nokre småfeil i diagrammet.
- med hjelp av bildet i heftet
og litt sunn fornuft
gjekk det i grunnen greitt tilslutt
settet skal snart reise ut i verden,
og finne veien til ein liten prins
som skal bli født nå snart.
- strikka stort nok til bruk neste vinter,
for i frå april/mai og framover,
er det stort sett for varmt 
for ullklede 
i det nye heimlandet...