mandag 31. desember 2018

Småstrikk

Samtidig som eg held på med større prosjekt,
tykkjer eg det er fint å ha litt småstrikk innimellom.
- eller ha eit lettere arbeid,
når ein er saman med andre.
Eg pleier ofte å snakke om
borte/heimastrikk...
I det siste har det blitt votter og sokker
-både heime/bortestrikk-
samtidig som eg held på med ein genser,
som eg kun strikker på her heime.
 vottane er strikka etter ynskje frå familiemedlemmer
 sokkane er strikka av garn eg har hatt lagra ei tid
 ulike garntyper
 på tampen av 2018 har eg eit nytt sokkepar i pinnane,
- dei vert nok ferdige i løpet av dagen/kvelden,
slik at eg er heilt klar for nye og spennande prosjekt 
når 2019 starter.

Eg vil ynskja alle Eit Godt Nytt År

mandag 17. desember 2018

Votter Jorids julekalender 2018

Jorid har hatt julekalender
der me fekk mønsteret litt etter litt
del 1 - mansjett

del 2
del 3




 del 4
 og til sist var tommelen og på plass
 vottane kan brukast på begge hender,
forskjellen er kun at den ein votten har tekst på ein sida.
 Eg har brukt Vikinggarn sportsragg
- det var det eg hadde heime..
Skal eg strikke fleire par,
vil eg nok velgja eit garn som kan tovast,
då vottane er litt store..
Det var morro å strikke på måten..

tirsdag 11. desember 2018

Votter Hjertevarme - adventsstrikk

Adventsstrikk,
det vil sei at mønsteret vert lagd ut
bit for bit - som ein adventskalender
Ein morosam måte å strikke på,
og ein veit ikkje korleis votten blir,
før alt er strikka
 eg har brukt Pt 5 sport,
fordi det var det eg hadde nok av heime...
skal eg strikke fleire par,
vil eg bruke garn som kan tovast,
då vottane vart litt store
det er randi K design som har laga mønsteret

mandag 3. desember 2018

Kopi av vott funnen på Gilja

Det vart funne ein gamal godt brukt vott
i ei familiehytte på Gilja.
Eg vart spurt om å kopiera denne.
Mønsteret var eigentleg lett å kopiere,
men eg har og samtidig retta opp
 eit par tydelige småfeil i mønsteret.
 eg har brukt Pt 5 sport
og pinner nr 2,5
mønsteret er nå skreve ned,
og skal bli med gammelvotten tilbake
 til nåverande eigar av hytta.
Det er morro og utfordrande
 og lage nytt av gamle ting.
Det å ta vare på det som ei gong vart strikka,
er gildt og spanade.
I dag er det ingen som veit noko om denne votten,
det kan vera:
- eit mønster som blei til undervegs,
- ei blanding av fleire mønster
eller kopi av eit gamalt vottepar
Kven veit...

tirsdag 27. november 2018

Poncho/skuldervarmer

Bestillinga var skuldervarmer..
det var jammen ikkje så mykje å finna av oppskrifter til det.
Men så fekk eg eit tips om at ponscho var ein god ide
- det vart enklare då 
- det er fort gjort å bli opphengt i bestillinga,
og ikkje sjå alternativa :-)  :-)
Eg har brukt dobbelt garn - Mini alpakka
og pinner nr 4.
strikkinga var enkel
rette og vrange masker i 90 cm.
Montering og hekling rundt 
var heller ingen heksekunst.
Håper mottaker nå klarer å halde skuldrane varme.

fredag 16. november 2018

Dugnadstrikking 2018

Innimellom alle andre prosjekt i 2018,
har eg strikka litt på dugnad.
Kyrkjeringen i bygda arva noko garn,
som eg lova eg skulle prøva å strikka litt forskjellig av.
Ein del av garnet var lite eller dårlig merka,
resten var smart, super wash osv..
Eg fann ut at votter var det greiaste,
når eg ikkje heilt visste kva garn det var.
Før påskemarkedet fekk eg levert nokre får par
- etter påske vart det strikking i perioder.
 Eg har brukt 4 ulike mønster som utgangspunkt,
3 til barn og 1 til vaksne.
fargesamansetninga har blitt til undervegs
Selbuvotter til barn
 barnehagevotter er alltid populært
mønster: barnevotter frå Sør-Varanger
 dette er eit mønster eg har skreve ned,
etter eit par gamle votter strikka i Tana
i kassen det og ein liten rest med sokkegarn...
 klar til levering
om eit par veker ligg dette på salg,
først på Køhlerpavljongen si julemesse,
 der kyrkjeringen har stand,
og seinare på julemessa i kyrkja...
Det er gildt å kunna bidra litt, med det ein kan og mestrer...

lørdag 3. november 2018

4 x selbuvotter til dei minste

Selbuvotter minste barnebarn,
svarte og grøne var bestillinga.. 
 Når ein ikkje har mønster,
så får ein prøve seg fram,
- med baby ull og pinner 2,5
strikka eg votter litt større enn dei han hadde frå før..
desse vart i minste laget..
med same antall masker,
men litt lenger,
vart vottane ein størrelse større.
eg var litt usikker på om dette og var i minste laget
 eg strikka votter med akkurat same maskeantal og omganger,
 som i votter nr 2,
men med litt tjukkare garn - Pt 5 sport og pinner 2,5
- eg fekk eldste barnebarn til å prøve dei på...
han studerte vottane nøye og sa:
" desse kan kanskje eg ha"
han valgte og svart og grønt
vottane var i det minste til gutten,
så bestemor måtte strikka fleire og større votter 
- i Pt 5 sport
 4 størrelser
i to typer garn
 for å få brukt opp så mykje garn som mulig,
strikka eg votter med begge fargar som bunnfarge
og så mange par som mulig.
 det siste av baby ull garnet vart til stripete votter
 resten av Pt 5 garnet pluss litt frå restekassen,
vart til stripete sokker
 4 nøster baby ull og 4 nøster Pt 5 sport
vart til mange vottepar
- alt er nå notert ned,
så neste gong har eg ein mal å gå etter....

søndag 21. oktober 2018

Tanagenser str L - 1. utkast

Eg kom i mål,
berre eit par dagar før 
genseren måtte ut på reise.
eg såg at hals/krage ikkje hadde heilt rett form,
men hadde ikkje tid til å gjera det på ny,
før den store dagen var her..
 sjølve genseren er ikkje vanskeleg,
det er krage/hals,
samt smådetaljer som tek tid.
 var innom Tana sølv og gull i sommar,
og kjøpte med meg hekter i sølv
"solhjul"
 jubilanten vart overraska,
men er ser at mine mål har ikkje vore heiltnøyaktige..
- genseren vart for smal og litt kort,
samt lengden på ermer må vera litt lenger.
hals/krage må og endrast litt på..
jubilanten ville bruke denne genseren til "kvardags" bruk,
og ser fram til ny genser er klar..
Då er det berre å starte på ny,
og endre litt på mønsteret eg har laga meg undervegs..
- det finnst visst ikkje noko nedteikna mønster 
på desse genserane,
så eg lagar mitt eige...

mandag 8. oktober 2018

Sokker...

Sokker 
strikka i restegarn, litt nytt og litt finsk garn
Pt 5 sport er ein garntype eg bruker til mange ting,
som sokker, votter, gensere,huer mm.
Store og små rester,
 fyller snart opp Pt 5 sport kassen,
Maruis i mange farger...
i str 36 - 40
 eit par røde sokker med mønster framme
og i Pt 5 sport
 så tok eg fatt på kassen med Perfect garn
Dette garnet har eg og bruk til fleire ting,
som sokker og gensere.
Her vart det marius i gråfarger + 1 par i brunt
str 41 - 44
 ein gong eg var over grensa til Finland,
kjøpte eg med meg litt garn derifrå.
mest for å prøve ut dette garnet,
Novita 7 brothers
str 38
 Novita Nalle er tynnare enn 7 brothers
begge to er gode å strikke med.
str 37 og 39
Fleire par har allerede fått ny eigar,
andre er "bestillte", 
og nokre få er for salg...
Har ennå meir garn igjen,
men nå må eg få ferdig nokre andre prosjekt...

søndag 16. september 2018

Votter - Tine melk

Dette mønsteret fekk eg frå ei 
som har tilknytning til Tine meieri.
Ho veit eg driv å strikker votter,
og at eg er interessert i mønster,
 av mange forskjellige typer,
og frå alle plasser i landet/verda.
Mønsteret har venta ei stund,
i "skal strikke skuffa".
Eg har valgt å strikke 
røde heilmelks votter.
 mønsteret er i utgangspunktet ikkje vanskeleg,
men denne gongen følte eg at det vart ujamt,
- kanskje fordi eg strikka med tjukkare pinner ei stund.
 etter mi meining er stykket før tommel for langt,
 votten etter tommel blei litt i det kortaste.
Dette er notert,
så om eg kjem på eg skal strikke fleire par,
så vil eg flytte opning til tommel,
nokre omganger tidlegare i diagrammet.
Eit nytt par er på vei til kassen med vottesamlinga mi 

søndag 9. september 2018

Votter og sokker - Marius møter kvikk lunsj

Med marius sokkemønster,
og eit foto frå internet,
som utgangspunkt,
vart det slike votter og
til samlinga mi.
Som vanlig, ligg eg nokre år etter i tid,
eg veit ikkje eingong om kvikklunsjmønsteret
er i bruk i dag og....
men det var nå eg var klar for dette...
 Garn: Pt 5 sport
pinner nr 3
 eg måtte jo selvfølgelig ha eit par sokker og...
det var jo eit sokkemønster eg hadde framfor meg,
og då var det fort gjort å starte på sokker og...
om du lurer på kva vottesamlinga mi er,
så sette eg meg eit mål for nokre år sidan,
eg skulle bruke restegarn,
og strikke så mange par som mulig på 1 år.
Eg fann og fekk så mange fine mønster,
at eg kom ikkje gjennom meir enn ein liten del første året.
Eg har etterpå teke år for år,
men har nå bestemt meg for,
at eg skal ha 100 ulike par i kassen
før eg gir meg...
Har ikkje heilt oversikten,
men har nok rundt 65 par der til nå.
Vel, må nok bare innrømma 
at det er ikkje bare restegarn som er brukt på den saminga...
- kanskje har restegarnslageret auka litt undervegs :D :D :D
Ha ein fin dag der du er.