søndag 16. september 2018

Votter - Tine melk

Dette mønsteret fekk eg frå ei 
som har tilknytning til Tine meieri.
Ho veit eg driv å strikker votter,
og at eg er interessert i mønster,
 av mange forskjellige typer,
og frå alle plasser i landet/verda.
Mønsteret har venta ei stund,
i "skal strikke skuffa".
Eg har valgt å strikke 
røde heilmelks votter.
 mønsteret er i utgangspunktet ikkje vanskeleg,
men denne gongen følte eg at det vart ujamt,
- kanskje fordi eg strikka med tjukkare pinner ei stund.
 etter mi meining er stykket før tommel for langt,
 votten etter tommel blei litt i det kortaste.
Dette er notert,
så om eg kjem på eg skal strikke fleire par,
så vil eg flytte opning til tommel,
nokre omganger tidlegare i diagrammet.
Eit nytt par er på vei til kassen med vottesamlinga mi 

2 kommentarer:

  1. Ja, det er ikke sjelden at mønsteret stemmer heller dårlig til hendene. Det har jeg opplevd flere ganger. Men det er artige votter, da. Så er det bare å bytte farger etter hvilken melk som en liker best.

    En fortsatt fin dag ønskes deg!

    SvarSlett
  2. Det vert nok ikkje andre melkevotter med det første. Andre prosjekt står i kø, og fleire oppdrag er på veg har eg fått høyra. Bare gildt det :D

    God helg til deg

    SvarSlett