lørdag 17. februar 2018

Charlottegenser

Denne genseren er strikka på bestilling,
med garn eg ikkje har brukt før.
Rauma finullgarn 1 tråd
Plum Rauma 2 tråder.
Pinne 5 og 6.
 - alt er strikka fram og tilbake,
der det ikkje er fletter, er det riller.
- med så store pinner,
gjekk det fort framover med strikkinga,
- monteringa tok litt meir tid enn vanleg,
men det er jo naturleg,
når ingeting er rundstrikka.

fredag 16. februar 2018

OL hue 2018

Det vart strikking av Ol hue,
til TV bilder frå
Pyeongchang, Sør Korea
 Dalegarnet var utsolgt,
så eg strikka i Sisu på pinner 2,5
 hadde hua med i lommen,
på den friske turen til sjøen i dag
 morro å bruke andre plasser og,
til slik fotografering
hua er allerede på vei med posten,
- eg håper at mottaker vert fornøgd 
med både størrelse og arbeid.

mandag 12. februar 2018

Votter 2018 Dåpsvott fra Selbu

Vottemønsteret er frå  Selbu Bygdemuseum, Sør Trøndelag.
Utgitt i ei samlebok om gamle votter.
Votteparet vart i si tid, 
laga til Martin Hofsli, 
og ble benyttet på hans dåpsdag i 1899.
Vottane er store og passer nok til str 3/4 år 
Eg har brukt Babyull og pinner 1,5.
Sjølv om eg hadde brukt 1,25
 som det stod i oppskrifta, 
så hadde nok ikkje vottane blitt små nok,
 til det som eg forbinder med eit dåpsbarn.
Navnet Ole er kun brukt 
fordi ein gut med navn med Ole (barnebarn)
 er født i 2018,
vottane er ikkje tiltenkt han.
Dei skal i samlekassen, 
i lag med bortimot 60 andre par.
Det var litt "putlete" å strikke desse vottane,
Eg følgte mønsteret,
men det vart 9 masker for mykje, på innside vott,
etter auking til tommel,
så eg måtte fjuske litt når eg skulle felle av vottane.
- trur nok ikkje det vert fleire av same slaget....

torsdag 1. februar 2018

Votter 2018 votter med fletteugler 2/3 år

desse vottane har eg strikka utan mønster,
prøvd meg fram med maskeantal og pinnestr.
på desse første eg kun pinne 2,5
det vart litt stramt
under har eg brukt 2,5 på vrangbord og 3 på resten
det vart mykje bedre, og lettere å strikke
Garn: resten av Pt 5 sport
eg har skreve ned eit slags mønster,
- fint å ha 
om eg kjem på eg skal strikke fleire av same slaget..