torsdag 24. januar 2019

Trekkspillvotter

Eg har ei tid sysla med tanken
om å lage votter med trekkspill på,
ein trekspiller bør jo ha trekkspillvotter.....
For litt sidan kom ein kjenning med ei hefte med oppskrifter,
eit bilag i familien frå 2013
og der, der var det jo mønster på trekkspillvotter,
og eg var ikkje sein om å få dei i pinnane.
 eg lurte litt undervegs,
for det såg ikkje rett ut,
men eg følgte mønster og diagram
Eg fann ikkje ut kva som var feil,
før vottane var ferdige.
 ein som er kjent med trekkspill
vil nok sjå at dette er trekkspill for den keivhendte...
 i same oppskrifta var det og oppskrift på sokker,
i det diagrammet er trekkspillet rett innteikna..
Garn: Pt 5 sport
pinner: 2,5 og 3
 blir det fleire par,
så skal eg strikke etter det rette (sokke)diagrammet.
Akkurat nå er eg ikkje klar for nye trekkspillvotter,
eg er allerede i gang med andre prosjekt,
men plutseleg ein dag,
så er det igjen trekkspillvotter på pinnane.

mandag 21. januar 2019

Votter Tartu-Maarja, Estland

I 1912 donerte ein person frå Vanalaisa gard,
Marama kommune, Tarja-Maarja menighet,
eit stykke med mønstrede votter,
som var funne blant antikviteter.
den gamle votten varstrikka i
grått og lilla,
men eg valgte begunderrødt, 
for å få litt konstrast i mønsteret.

 som på fleire av vottemønstrene frå Estland,
er tommelen strikka i same mønster som votten.
 garn: lamullgarn, Rauma
pinner: 2,5
vottane er litt store,
vil nok tovast litt i bruk,
men vil passe best til ein mann.

lørdag 12. januar 2019

Votter Otepää, Estland

I lag med juleposten
 fekk eg ei gild overrasking.
Nokre kjenninger i Estland,
hadde sendt meg ei tjukk vottebok.
(på estisk og engelsk)
Det var ei samling av gamle mønster frå Estland..
Det er så mange spanande mønster i boka.
 Eg har valgt meg ut eit par mønster,
sånn i første omgang. 
Det beste av alt,
det er skreve historikk med kvar vott.
 Denne votten er frå Nuustaku 
- og andre plasser i Estland.
I 1962 vart det levert inn
(til kulturhistoriske samlinger?)
eit stykke av ein gamal vott,
antakelig strikka rundt 1956-57.
Seinare har det blitt laga mønster,
etter den gamle velbrukte votten,
 mønsteret på denne votten,
er ikkje av det slaget som ein lærer på 1,2,3
Eg måtte fylgje med på kvar omgang.
.
- tommelen strikkes med same mønster som votten,
Det er spennande å læra nye ting,
og lese om tradisjoner i andre land.

onsdag 2. januar 2019

Mitt store votteprosjekt pr 1.1.2019

For nokre år tilbake
fekk eg ein ide om å strikke votter av restegarnet,
forskjellige votter skulle det bli.
Eg samla dei vottemønster eg hadde,
eg fekk andre av venner og kjente,
til og med husflidslag har hjelpt meg med mønster.
 eg oppdaga snart at dette vart ikkje noko restegarnsprosjekt,
men ei reise i vottermønster,
nye og gamle,
ja, frå andre land og.
Venner i andre land har høyrt om prosjektet,
og har sendt meg mønster.
 historie og ny lærdom 
har eg fått med på kjøpet.
 Eg har mang eit vottemønster på vent,
men er fortsatt like interessert i gamle (og nye) mønster.
Votteprosjektet er langt frå ferdig,
første mål er nå 100 ulike vottepar i samlinga.
 garn og anna info vert notert, 
votter fotografert
og alt er samla i permer.
her viser eg eit par frå kvart mønster,
- fleire mønster er brukt mange gonger,
så ein kan nok doble mengden (eller nokså sikkert meir enn det)
av strikka votter i denne perioden.
Nye spennande mønster ligg klar,
eg må bare ut å få heim litt garn først...
Ha eit godt nytt strikkeår!