onsdag 23. august 2023

Juleproduksjonen er i gang...

Litt tidleg seier du kanskje,
men skal ein lage litt,
så kan ein ikkje starte rett før jul..

Eg laga ganske mange tova nisser i fjor,
og dei vart populære.
Då laga eg kun til eige bruk,
så no lager eg fleire for salg

Litt etter litt får dei flytte inn i salgsavdelinga i Bronnhuse.
No må eg vente på meir saueull,
før eg kan gjera fleire ferdige.

eg har lenge tenkt eg skulle prøve meg på juletrepynt,
slike som bestemor har laga opp gjennom åra.

eg leita litt for å finne ringer og bjeller
Sjølve heklinga gjekk greitt,
når eg bare hadde fått til den første.
det blir fleire av desse utover hausten.
kanskje eg prøver meg på kvite og...
dei første er allerede på plass i hyllene i Bronnhuse.

lørdag 19. august 2023

Bronnhuse - utstilling og salg

I vår kunne eg innrede mitt handarbeidsrom.
Dyra i fjoset er borte,
og melketankromet tomt.
Fjoset er laga om til vinterlagring for gamle biler og traktorer,
men bronnhuse vart ikkje brukt.
Eg kom på tanken om få min eigen plass,
til vottesamlinga og anna ferdig produsert handarbeid.
Litt vasking og maling måtte til.
Golv, vegger og tak er prega av alder og bruk,
men skeive golv og andre "småsår" gir romet sjel.

Litt etter litt har gamle handarbeid/plagg funne veien ut av skuffer og skap

morro å ta fram ting ein laga for mange år tilbake
slike bilete var vel nokså populære på 1970 talet
i "salgsavdelinga" finn ein gensere, sokker, votter

her er "marius" godt representert
sydde pannebånd mm
pusslespel laga med eigne bilete som motiv
hekser til Halloween
huer og grytekluter
votteveggen med ca 155 par ulike votter
Eit prosjekt eg starta med for nokre år sidan,
som seinare har blitt meir og meir spande å halde på med.

Eg hadde ein periode tenkt å slutte av når eg kom til eit visst antal,
men stadig nye mønster finn veien hit.
Av og til kjøper eg eit nytt mønster, 
andre får eg frå andre som gir av sine oppskrifter,
andre samler frå ukeblad mm
Morro at så mange har lyst å bidra til større vottesamling.
nisseproduksjonen er såvidt i gang,
snart får nissane og flytte ut i Bronnhuse
Her er strikkekaffe sånn ca 1 gong pr månad.
Elles er mange innom for å sjå på vottane og alt det andre.
Mange mimrer tilbake til sine gamle handarbeid
I neste månad kjem husflidslaget på besøk,
då får eg mulighet til vise fram vottane,
samt å dele ting er har lært på min "vottevei"
innan historie, garn, teknikker, mønster og geografi.
Eit rom eg har mykje glede av.
 

torsdag 3. august 2023

Votter fra Sogn

Ei nabodame lurte på om eg hadde oppskrifta til desse vottane.
Det viser seg at det tanta til nabodama som i si tid har laga oppskrifta.
Mønsteret er å finne i 
Nina Granlund Sæther si bok
Votter
strikkemønstre fra hele Norge.
Eg har brukt garn som er foreslått i boka
Ask, Hillesvåg Ullvarefabrikk
og pinner nr 3,5.
Vottane vart litt for smale og korte,
så eg vil nok prøve tjukkare garn ei anna gong
Det er forsatt morro å strikke nye mønster,
og eg er glad for alle som samler mønster til meg.
Votteveggen vil nok vekse litt etter litt,
ei stund til.
Det er morro å sjå på mangfoldet,
no når dei er så lett tilgjengelig - heng på veggen.