Viser innlegg med etiketten genser/kofter/jakker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten genser/kofter/jakker. Vis alle innlegg

søndag 22. februar 2026

Bølgegenser til barn

For ei tid tilbake kjøpte eg garn og mønster til Solbergvotten,
 hos Solberg Spinderi
Denne genseren er strikka i same garnet, Vilja,
som eg fekk lyst til å teste ut litt meir.
Eg tykkjer garnet er godt å strikka med.
genseren er strikka på p 3 og 3,5
både mønster og garn er frå Solberg spinderi.
Det er gildt å prøve nye mønster og garntyper.
 

mandag 9. februar 2026

Genser nr 3 med utgangspunkt i jakke frå Shetland

Nr 3 er litt ulik nr 1 og 2
Eg har gått ut frå det mønsteret
som eg kjøpte på Shetland i juni.
"treet" er med på alle 3,
eg har bare endra på mønsteret mellom trea, mm.
Når det gjeld farger,
så har vi ikkje det utvalget som på Shetland
Eg tykkjer sjølv eg fekk fram fargeeffekten,
ved bruk av denne fargekombinasjonen
som på dei to første,
har eg brukt Sisu, Sandnesgarn

nr 1 og nr 2 er strikka i heilt andre farger.
sjølv om mønsteret likner, 
blir dei ulike å sjå til.
Det er morro å prøve seg fram,
med ulike farger/mønster,
men nå er eg klar for andre ting.

torsdag 20. november 2025

Kaila genser

Då eg var på Shetland hadde "alle" slike jakker,
treet går igjen,
men elles så er det mange ulike varianter.
Dei fleste av oss,
fotograferte mang ei jakke,
på museum, i bruk eller i butikker...

Eg kom over eit mønster på ei slik jakke,
Kaila
Størrelsane er små i denne oppskrifta,
samt at eg vil ha genser.
Eg har tilpassa genser i rett størrelse.
Fargeutvalget på Shetland er stort og mangfoldig,
det gjer at det ikkje alltid er like lett 
å få til same effekten med fargane vi har her.
Eg har valgt å bruke Sisu, Sandnesgarn.
På den første genseren,
brukte eg diagrammet i oppskrifta.
Genser nr to er tilpassa mottaker,
som ville ha svart botn, grønt i diagrammet.
Her har eg laga ein variant mellom trea.
Den siste er og meir open i halsen
Det er morro å lage sine eigne vrier,
og nå er eg i gang med genser nr 3
denne gongen med heilt andre farger.
Det er nesten slik at eg "må" få ferdig bol og armer i ein fart,
for eg er litt nysjerrig på korleis denne fargesamansetninga blir.
Eg har og planer om å gjere nokre endringer i diagrammet....
 

lørdag 15. november 2025

Marius til småbarn

Dette starta eg på tidleg i vår,
då det vart kjent at ein ny verdensborger var på vei.
Eit arbeid å ta til innimellom,
for det var langt fram til den store dagen.
Barnet er nå allerede nokre månader,
 og det er på tide å levert det heile
Eg har strikka til bruk neste vinter.
Sokker og votter er i ulike størrelser,
dei vart til utan mønster.
Fargen er litt mørkare enn på biletet.
Strikka i Sisu, Sandnesgarn.

torsdag 29. mai 2025

Koftegenser ala Polmak kofte str 12 år og 14år/small

Bestemorgutten spurde tidleg i vinter,
om eg kunne lage ny koftegenser til.
Sidan det ikkje finns strikkemønster til desse,
så må eg gå ut frå gutten sine mål.
Guttten vart målt i alle retninger,
og eg starta på ein genser.
Av forskjellige grunner vart denne lagt til sides etter kort tid.
Det var jo ennå lenge til 17.mai....
Sånn etter Påske,
 vart arbeidet sett i gang igjen.
Med eitt så var 17.mai like om hjørnet.
Eg fekk det travelt, og såg vel helst at det ikkje skulle gå..
Eg "strikka i 90" seint og tidleg.
Genseren vart ferdig i veka før 17.mai,
og då var det bare posten som avgjorde om den kom fram i tide.
Eg var ikkje fornøgd med resultatet,
men gutten måtte jo få genseren til 17. mai,
så vask/damping og siste småting måtte mora ta seg av.
Genseren er strikka i babyull
Gutten har vakse etter eg starta på genseren
Eg hadde ingen prosjekt på gang akkurat då,
så eg gjorde innkjøp av garn,
denne gong Sisu.
Rekna meg fram til ein større størrelse,
og strikka i veg.
Denne gong med litt meir ro over arbeidet,
gutten veit ikkje at ny genser er under arbeid.
Sjølve genseren er enkel å strikke.
Det som er litt meir "hodebry" er alle detaljer både framme og bak.
Genseren skal jo vera mest mogleg lik Polmak kofta.
Det eg tykkjer er den største utfordringa,
er å få halslinninga fin og jevn.
Sjølv etter rundt 9/10 gensere
må eg ta opp att og rette på ting,
før eg seier meg sånn nokonlunde fornøgd.
Heller ikkje denne genseren blir vaska/dampa no.
Det er enno eit par små deltaljer som skal sys på,
kor langt skal det sys saman nederst i halsopninga,
samt sølv hekter som skal sys på.
Sølvet er i bruk på første genseren.
stripene bak, skal sys på med ein viss avtand mellom,
så mykje reknearbeid på alle detaljer,
Eg har nå strikka gensere, i fleire størrelser, 
etter kvart som gutten har blitt større.
Den minste vart strikka i ca 10 mndr.
Alle detaljer er godkjent av bestemorgutten sin samiske familie.
 Det er morro å lære om andre sine tradisjoner.
Neste gong bestemorgutten er på besøk,
reiser genseren nordover, heim til Finnmark.

fredag 16. mai 2025

Islender til barn

For ei tid tilbake,
begynte eg på denne genseren,
fordi eg ville ha noko lyst "utearbeid".
Har teke arbeidet fram innimellom,
så litt etter litt har arbeidet auka.
Genseren har ingen mottaker nå,
og blir derfor hengt på til salgs stativet mitt.
Ein dag vil nok genseren få ein heim.
her har eg brukt babygarn, og mønster frå Rauma

tirsdag 22. april 2025

Kopi av gamal utslitt hyttegenser

Eg fekk spørsmål om eg kunne strikke ein kopi 
av ein gamal og utsliten genser.
Mønsteret er ganske enkelt å kopiere,
så eg måtte i grunnen bare finne eit ok maskeantall :D 
båthals har eg ikkje laga før, 
men eg såg litt på den gamle genseren,
og fant snart utav det.
Sidan garntjukkelse osv ikkje er heilt likt,
så har eg laga eit endringer,
for å tilpasse mønsteret...
Genseren er strikka i Viking sportsragg,
pinne 3 og 4
 Nå får eg håpe at mottager får ein genser,
som fell i smak.

torsdag 27. februar 2025

Marius i to farger x 2

To barnegensere i str 1 og 2 år
Marius er eit mønster som alltid er populært..
Denne gongen valgte eg å kun bruke to farger,
mest fordi eg hadde lyst å prøve det.
Garn: Sisu, Sandnesgarn
Pinner: 2 og 2,5
Genserane har allerede ein mottager,
og skal snart reise til ny heim.

torsdag 6. februar 2025

Genser ala Sundstrøye

ferdig med genser nr 4 og 5 
str L i Perfect garn og str XL i Sisu
mønsteret har eg teikna av, etter ei gamal Sundstrøye som finns i slekta.
Eg har prøvd å finne mønster til trøya, men dei lokale veit ikkje om noko oppskrift.
Eg tykkjer det morro å strikke mønster, som ikkje er så ofte brukt.
                            Eg har nå kome eit stykke på vei, til ei oppskrift som er råd å forstå.

              Eg ser ikkje vekk frå at det kan bli fleire, men akkurat nå har eg lyst å strikke andre ting.

onsdag 9. oktober 2024

Rekonstruksjon av Sundstrøya

I slekta finns det to trøyer av dette slaget.
Eldre generasjoner kaller det Sundstrøye.
Eg har har spurt rundt i lokalområdet ang mønster,
men ingen veit om noko oppskrift.
Den første og eldste trøya i slekta,
har mor sin onkel strikka,
 den neste mi tante.
Det er morro å ta fram slike gamle mønster.
Eg har gjort trøye om til genser,
i allefall i første omgang.
Eg har skreve ned eit diagram og maskeantall osv.
men ikkje ei skikkelige oppskrift
(kun til eige bruk)
Eg har prøvd meg fram med garnslag og størrelser.
Her har brukt, Sisu til venstre, Ask i midten o gPerfect til høgre.
Eg trur er mest fornøgd med Sisu
Eg der i gang med ein 4. genser,
der eg prøver å rette opp alle feil i diagram osv
Eg liker godt å arbeide med slike ting

onsdag 21. august 2024

Jæren genser

Denne sommaren har eg hatt fleire større prosjekt på gang..
Blant anna denne genseren.
Eg har valgt å strikka i Perfect, Sandnesgarn.
Petrol, kvitt og grått - og er godt fornøgd med fargevalget.
Eg har gått ut frå str XXL,
og tilpassa lengden til mottaker.
I mønsteret er det båthals,
men mottaker vil ha ein rund og meir open hals
mønsteret ser lett ut,
men vil for den som ikkje strikker så mykje med 3 tråder,
kanskje bli ein utfordring.
Eg har brukt dette mønsteret fleire gonger,
eit mønster eg liker godt.

fredag 5. juli 2024

Spiral sweater

For ca 1 år sidan, begynte eg på to slike gensere,
eg følgte mønsteret,
men dei var så altfor store i størrelsen,
med det maskeantall som var opppgitt i mønsteret.
Lenge låg dei der, og eg tenkte på kva eg skulle gjera.
bolen var ferdig, og armer påbegynt.
etter kvart kom eg til at eg rekte opp alt saman, 
og starta på ny
to størrelser mindre.
Eg har gjort nokre endringer undervegs,
for å tilpasse mine ynskjer.
Eg har brukt 
Sølje, ullgarn, Hillesvåg ullvarefabrikk, til venstre
og 
Alpaca fine, Viking garn. til høgre
Det viser godt at eg har brukt "rekjegarn",
 men det glatter seg nok ut etterkvart.
Har for tida fleire store prosjekt på gang, 
men prøver å få til noko smått innimellom.

onsdag 27. mars 2024

"Alex"-genser

Genser i herrestørrelse denne gongen,
til mannen i huset.
han har hatt ein genser i Alpaca Storm, Vikinggarn
denne har vore mykje brukt, og vaska ofte.
Genseren har halde seg veldig bra,
derfor valgte eg Alpaca Storm denne gongen og.
Eit garn eg likar godt å strikke med.
Pinner 3 og 4
litt annleis start på armane,
ein lang mann, 
og eg må tilpassa mønster/lengder litt undevegs.
Genseren passa akkurat til mannen

lørdag 11. november 2023

Islender str 5 år

Eg ville ha eit lyst "utespød"
noko som er lett strikke,
når ein er saman med andre.
Valget vart denne gongen ein islender,
i baby ull,
Fargane vart valgt, når eg såg kva eg syns passa fint saman,
ut frå utvalget som var.
Eit mønster som er lett å strikke,
då same mønsterborda går igjen heile tida.

 

tirsdag 7. november 2023

Marius til baby og barn

Det har blitt nokre mariusgensere og huer i det siste,
Eg har nå fått brukt ein stor pose med mørkeblå babyull.
Kassen med babyull har minka frå overfyllt, til full :D
nokre smårester vart til huer
Eg hadde og litt grått i babyullkassen.
og hadde sett meg ut blå eller rosafarger til det grå,
men det vart ikkje så fint saman.
Grønt og svart var det som passa best,
av det eg hadde på lager.
Eg har lenge hatt lyst til å strikke i lyst garn,
 med passande farger til - i rosa eller rødtoner.
Desse fargane passa best saman,
ut frå det utvalget eg kunne velgja i.

Nå trur eg mariusmønsteret skal få pause.
Eg er heilt klar for å strikke andre ting,
men plutseleg ein dag, tek eg fram mønsteret igjen...

onsdag 20. september 2023

Islender til baby og småbarn

Eg har lenge hatt lyst til strikke islender til dei minste,
i tynt garn.
No var tida inne for det...
Eg kjøpte garn til tre gensere, dei lyse.
Det vart litt garn til overs,
og eg strikka ein til,  
i den størrelsen eg hadde nok garn til.
3 mndr i motsatt farger.
Mønster og babygarn frå Rauma.
Pinner 2,5 og 3
Desse vert hengt ut i Bronnhuse for salg.

lørdag 19. august 2023

Bronnhuse - utstilling og salg

I vår kunne eg innrede mitt handarbeidsrom.
Dyra i fjoset er borte,
og melketankromet tomt.
Fjoset er laga om til vinterlagring for gamle biler og traktorer,
men bronnhuse vart ikkje brukt.
Eg kom på tanken om få min eigen plass,
til vottesamlinga og anna ferdig produsert handarbeid.
Litt vasking og maling måtte til.
Golv, vegger og tak er prega av alder og bruk,
men skeive golv og andre "småsår" gir romet sjel.

Litt etter litt har gamle handarbeid/plagg funne veien ut av skuffer og skap

morro å ta fram ting ein laga for mange år tilbake
slike bilete var vel nokså populære på 1970 talet
i "salgsavdelinga" finn ein gensere, sokker, votter

her er "marius" godt representert
sydde pannebånd mm
pusslespel laga med eigne bilete som motiv
hekser til Halloween
huer og grytekluter
votteveggen med ca 155 par ulike votter
Eit prosjekt eg starta med for nokre år sidan,
som seinare har blitt meir og meir spande å halde på med.

Eg hadde ein periode tenkt å slutte av når eg kom til eit visst antal,
men stadig nye mønster finn veien hit.
Av og til kjøper eg eit nytt mønster, 
andre får eg frå andre som gir av sine oppskrifter,
andre samler frå ukeblad mm
Morro at så mange har lyst å bidra til større vottesamling.
nisseproduksjonen er såvidt i gang,
snart får nissane og flytte ut i Bronnhuse
Her er strikkekaffe sånn ca 1 gong pr månad.
Elles er mange innom for å sjå på vottane og alt det andre.
Mange mimrer tilbake til sine gamle handarbeid
I neste månad kjem husflidslaget på besøk,
då får eg mulighet til vise fram vottane,
samt å dele ting er har lært på min "vottevei"
innan historie, garn, teknikker, mønster og geografi.
Eit rom eg har mykje glede av.
 

torsdag 20. juli 2023

Marius til baby

Ein liten gutt kom til verda for i juli månad,
ein stad ned i Europa.
Denne gongen ville eg laga noko som er mykje brukt her heime.
Marius vart valget, i str 6 mndr.
Garn: babyull og pinner 2 og 2,5.
Oma og Opa skal snart hente genser og hue,
og ta det med heim til barnebarnet.