Bestemorgutten spurde tidleg i vinter,
om eg kunne lage ny koftegenser til.
Sidan det ikkje finns strikkemønster til desse,
så må eg gå ut frå gutten sine mål.
Guttten vart målt i alle retninger,
og eg starta på ein genser.
Av forskjellige grunner vart denne lagt til sides etter kort tid.
Det var jo ennå lenge til 17.mai....
Sånn etter Påske,
vart arbeidet sett i gang igjen.
Med eitt så var 17.mai like om hjørnet.
Eg fekk det travelt, og såg vel helst at det ikkje skulle gå..
Eg "strikka i 90" seint og tidleg.
Genseren vart ferdig i veka før 17.mai,
og då var det bare posten som avgjorde om den kom fram i tide.
Eg var ikkje fornøgd med resultatet,
men gutten måtte jo få genseren til 17. mai,
så vask/damping og siste småting måtte mora ta seg av.
Genseren er strikka i babyull
Gutten har vakse etter eg starta på genseren
Eg hadde ingen prosjekt på gang akkurat då,
så eg gjorde innkjøp av garn,
denne gong Sisu.
Rekna meg fram til ein større størrelse,
og strikka i veg.
Denne gong med litt meir ro over arbeidet,
gutten veit ikkje at ny genser er under arbeid.
Sjølve genseren er enkel å strikke.
Det som er litt meir "hodebry" er alle detaljer både framme og bak.
Genseren skal jo vera mest mogleg lik Polmak kofta.
Det eg tykkjer er den største utfordringa,
er å få halslinninga fin og jevn.
Sjølv etter rundt 9/10 gensere
må eg ta opp att og rette på ting,
før eg seier meg sånn nokonlunde fornøgd.
Heller ikkje denne genseren blir vaska/dampa no.
Det er enno eit par små deltaljer som skal sys på,
kor langt skal det sys saman nederst i halsopninga,
samt sølv hekter som skal sys på.
Sølvet er i bruk på første genseren.
stripene bak, skal sys på med ein viss avtand mellom,
så mykje reknearbeid på alle detaljer,
Eg har nå strikka gensere, i fleire størrelser,
etter kvart som gutten har blitt større.
Den minste vart strikka i ca 10 mndr.
Alle detaljer er godkjent av bestemorgutten sin samiske familie.
Det er morro å lære om andre sine tradisjoner.
Neste gong bestemorgutten er på besøk,
reiser genseren nordover, heim til Finnmark.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar