fredag 29. april 2022

Sokker med riller

Sokker med riller er bestillinga
brunt og gult er valgte farger
Her har eg stort sett strikka utan oppskrift.
Eg har kun sjekka litt maskeantall,
resten vart til undervegs.
Sokkane er enkle å strikke,
og det er lett å tilpasse maskeantall til størrelser.
Garn: Viking sportsragg
Pinner: 3
 

onsdag 20. april 2022

Nattuglesokker

Nattuglesokker,
 med mønster kun på leggen,
vart det denne gongen.
Då er det lettare å minke ned til mindre skostørrelser.
Eg valgte likevel å strikke damesokker i str 39/40...
Eg har brukt Viking Sportsragg
og pinner nr 3.
 

torsdag 14. april 2022

Påskesamstrikk 2022, Vikinggarn

I 8 dager har vi fått ein bit av mønsteret
Eg kom litt seint i gang,
og har strikka på travelt dei siste dagane,
for å bli "ta igjen dei andre"
8. dagen vart eg ferdig med mine sokker.
Det er morro med samstrikk.
Viking sportsragg.
Eg kjenner dette garnet godt,
og valgte å gå ned i pinnestørrelse,
og strikke den største størrelsen (herre) på leggen,
og felle meg inn i str 39/40 i foten.
Det vart lange og gode knesokker,
til kalde dager.
I dag tok vi ein tur til fjells.
Det var dårlig med skiføre,
men eg fann ein snøflekk til litt fotografering
God Påske!
 

fredag 1. april 2022

"Livlig" genser

Tidleg i haust fekk eg spørsmål om å strikke denne genseren.
At det skulle ta så lang tid,
hadde eg nok ikkje sett for meg.
Genseren er strikka i Kid Mohair, Vikinggarn.
Eg kjende fort at dette måtte gjerast i små doser,
det vart mykje hosting og harking undervegs.
Derfor har dette vore eit langtidsprosjekt,
som nå endeleg er ferdig.
med pinner 4 og 4,5 så auka cm ganske fort.. heldigvis.
Aldri meir Kid Mohair på mine pinner.
Ha ein strikkedag, der du er.