torsdag 29. oktober 2020

Sørumvott

Eg har vore i kontakt med mang eit Husflidslag,
i denne votteprosjekttida.
Grende Husflidslag,
kunne hjelpe meg med mønsteret til Sørumvotten.
utdrag frå mønsteret:
En av Norges mest fremtredende ætter
i middelalderen,
var Sudreimsætten på Romerike.
Den hadde sitt ættesete på Sudreim gård
(Sørum gård ved Sørum kirke).
Jon Ivarsson (Raud) var en av ættens tidligts nevnte personer,
han ble slått til ridder i 1295.
At Jon Raud var ansett som en av landets første menn,
slutter vi av at Kong Håkon V i 1302
ga sin datter Agnes til ekte med Jon Ivarsons sønn,
Haftor Jonsson.
Som adelsvåpen brukte Haftor Jonsson en rose.
Det er den vi dag kan se i Sørums kommunevåpen.

Som symbol på at elva "deler" Sørum i to,
er det satt inn symbol for
tømmerhaker/fløterhaker i kors,
med hjerte på 2 sider.
Ytterst på votten er det satt inn symbol for 
Solkorset.
Ved inngangen til Sørum kirke står dette symbolet.
strikka i Ask, Hillesvåg ullvarefabrikk
pinne 3
Vottane er litt store,
men ikkje større at dei kan tovast ved bruk.

 Det er morro å vite bakgrunnen til eit mønster.
Mange gonger er motiv som her,
del av historen i bygda.

fredag 23. oktober 2020

St Petersburg votter

Design: Kari Hestnes, for Hillesvåg ullvarefabrikk.
Garnpakke frå Hillesvåg, med garnet Ask
Pinner 2,5
Det vart litt telling på utsida av votten.
Mønster innside vott går igjen,
og det er forholdsvis lett å sjå kor ein er i mønsteret


Nok eit par til samleboksen,
det nærmar seg målet, som er 100 ulike par.
Eg ser nå at eg har nok fleire mønster på vent,
og talet vil nok bli meir enn 100.
Eg tenkjer eg tek ei avgjersle ved årsskiftet,
om kor lenge eg skal halde på.

lørdag 17. oktober 2020

Saltdalsvotten

I heftet Saltdalsstrikk, Saltdal Husflidslag,
kan ein lese om Saltdalsvotten:
Høsten 2006 kom Jensine Lillealter,
med utkast til votter.
Hun hadde tatt utgangspunkt i 
kommunevåpenet med rognkvist, rognebær
og elvene i Saltdal som møtes før de renne ut i havet.
Senere er dette mønsteret og brukt i 
sokker, huer, pannebånd og jakke.
Garn: Ask, Hillesvåg ullvarefabrikk
Pinner nr 2,5


Lettstrikka votter med mønster som krev lite teljing.

søndag 11. oktober 2020

Votter Skaugumrose, Viken

Nok ei gong har eg funne fram ei av 
Nina Granlund Sæther sine bøker.
Denne gongen "Strikk fra hele Norge"
her kan ein velge å bruke restegarn, 3-5 farger
eg valgte å bruke 3 farger
pinner nr 2. - men 2,5 vil nok passe bedre
Eg har strikka etter mønsteret, 
og ser i ettertid at tommelopningen
med fordel kan strikkast inn tidlegare.
Votten er lang før tommel og kort etter.
lengden på tommel er og noko kort.

 Alle detaljer og endringer eg bør gjera
neste gong eg bruker mønsteret,
blir notert ned og arkivert i lag med mønsteret.
Det er ikkje berre vottehaugen som auker,
permer med notater blir og fulle..

torsdag 8. oktober 2020

Caroline Halvorsens votter

I oktober, i en uhøytidelig vottealong 2020,
er tema fletter.
Eg valgte Caroline Halvorsens vott, Oslo,
frå boka: Votter, Strikkemønstre fra hele Norge
Nina Granlund Sæther

Nina Granlund Sæther skriv: (utdrag)

Danmark fikk sin første strikkebok allerede i 1847.

I Norge skulle det gå enda mange år, før vi fikk tilsvarende bok.

I 1901 kom Caroline Halvorsens "Strikkebog for barneskolen og hjemmet". For første gang fik vi en pedagogisk bok som tok for seg grunnleggende strikketeknikk fra dem enkleste lapp til avanserte strømper

Caroline Halvorsen var blant de første elevene ved Den Kvindelige Industriskole i Kristiania, da den åpnet i 1875. Året etter ble hun lærer.

Når eg såg gjennom mønster og omtale,
så virka denne strikkeboka frå 1901 noko kjent.
Det er same bok eg har arva via mor, 
som igjen arva denne av ein slektning,
som ein gong i tida var handarbeidslærerinne.
Tilbake til vottane
Etter at eg gjorde eit stort innkjøp på Hillesvåg Ullevarefabrikk,
så har eg strikka mykje i garn derifrå.
Her er brukt Ask og pinner nr 2.
Kan nok med fordel bruke pinner 2,5 
om eg skal stikke desse vottane ei anna gong,
dette paret vart litt i det minste til meg.
fargen er nok litt meir grøn,
enn det som viser på biletet..

søndag 4. oktober 2020

Votter Santa Fe

Votter med inspirasjon frå New Mexico
Randi K design, ho skriv:
Det er utrolig inspirerende å vandre rundt i Santa Fe.
Albuquerque, og Taos.
En fargerik blanding av kunstnere, 
indianere, fastboende og turister.
Rik historisk bakgrunn, gamle kirker,
og ikke minst naturen rundt.
Ferdigstrikka utan maskesting
Eg er ikkje så veldig glad i maskesting,
men her gjekk det greitt
Eg brukte pinner nr 2,
då vart vottane akkurat passelige til mine hender.
Garn: Ask, Hillesvåg ullvarefabrikk.
det er spennande og morosamt
med nye mønster og fargesamansetninger