Viser innlegg med etiketten toving. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten toving. Vis alle innlegg

mandag 11. november 2024

Underlag til gryter og eldfast form

Ein kan heilt klart sei eg vart litt hekta...
eit enkelt arbeid å ha med seg ut blant andre,
og med pinne 8 veks arbeidet fort
etter å ha strikka mange einsfarge,
fekk eg eit hint om desse med hjerte frå ei veninne.
Eg var snart i gang med desse og.
Her kan eg bruke rester til hjertene.


ein god start til julemessa, på Fotland, (for den lokalkjente)
Fleire har allerede blitt solgt.
Eg strikker fleire, så lenge eg har garn, 
eller til eg kjenner at det er nok for denne gong.

mandag 16. september 2024

Tova gryteunderlag

Eg har aldri tenkt at eg skulle lage gryteunderlag..
men sist eg var på strikkekafe,
så vann eg garn til 3 små
 og fekk opplæring i å strikke desse gryteundelaga.
Det gjekk fort,
og er eit enkelt strikk,
og lett å strikke ute blant folk.
ein kan vel sei at eg vart litt hekta :)

det største kan brukast til eldfast form
fleire farger ligg på vent...
fine ting å ha med på julemesse,
eller bruke til gaver

lørdag 23. september 2023

Små tova flaskenisser

Nisseproduksjonen er gang,
innimellom alt annna eg driv på med.
Nokre av nissane flytter inn i Bronnhuse,
andre er på vei til sine nye heimar
Vams garn, Rauma og pinner nr 5

 

onsdag 23. august 2023

Juleproduksjonen er i gang...

Litt tidleg seier du kanskje,
men skal ein lage litt,
så kan ein ikkje starte rett før jul..

Eg laga ganske mange tova nisser i fjor,
og dei vart populære.
Då laga eg kun til eige bruk,
så no lager eg fleire for salg

Litt etter litt får dei flytte inn i salgsavdelinga i Bronnhuse.
No må eg vente på meir saueull,
før eg kan gjera fleire ferdige.

eg har lenge tenkt eg skulle prøve meg på juletrepynt,
slike som bestemor har laga opp gjennom åra.

eg leita litt for å finne ringer og bjeller
Sjølve heklinga gjekk greitt,
når eg bare hadde fått til den første.
det blir fleire av desse utover hausten.
kanskje eg prøver meg på kvite og...
dei første er allerede på plass i hyllene i Bronnhuse.

mandag 22. mai 2023

Tova flaskehekser i to størrelser

Bestemorgutten kjem snart heim på ferie,
då har bestemor lova å vera ferdig med tova flaskehekser til han.
Gutten har bestemt korleis han vil ha dei.
Det er hans tur å arrangere klassens halloweenparty i oktober,
og klart bestemor vil hjelpe han med litt pynt til den dagen.

eg har brukt mønster til tova flaskenisser som utgangspunkt

I nasekø...
dei minste passer til eit krydderglass,
eller som eg bruker dei:
eit medisinglass med godterier oppi
dei store passer ytil 0,5 liters flaske
storfamilien Heks

Garn: Vams, Raumagarn
Pinner: 5
raske å strikke og morro å lage

søndag 16. april 2023

Tova sitteunderlag

To tova sitteunderlag
strikka i Naturgarn frå Vikinggarn
og pinne nr 8
Det går med 6 nøster Naturgarn

 Eg hadde ikkje noko oppskrift,
og la opp litt for mange masker.
Sitteunderlaga vart avlange.
Neste gong vil eg nok reduserer 
frå 78 masker til 70 eller 72.
Eg tova i maskin,
og dei måtte ha to omganger,
før eg vart sånn passe fornøgd.

onsdag 30. november 2022

Tova flaskehekser, ein ide blir prøvd ut..

Heller ikkje i år,
fekk bestemorgutten 
delta på klassens halloweenparty..
Neste skal han arrangere i sin heim..
Når eg var i full gang med produksjonen 
av tova flaskenisser,
så såg eg plutseleg tova hekser for meg..
Dette måtte eg bare prøve ut.
å strikka heksene
samt tovinga gjekk greitt.
Litt usikker på kva som ville bli best,
så laga eg dei litt ulike
korleis skulle nasen bli til?
eg såg for meg korleis eg ville ha det,
men er litt usikker på resultatet
bestemorgutten er fornøgd,
men bestemor er fortsatt litt usikker på nasen.
- kanskje ein svart nase ville vore bedre?
tja, kvein veit...
kanskje bestemor må lage fleire,
for å prøve ut andre naser.....
garn: Vams, Raumagarn
pinner nr 5
 

lørdag 12. november 2022

Tova flaskenisser

Oppskrifta eg fann,
var til 1,5 liters flasker.
Mine nisser skulle vera mindre,
så eg prøvde meg fram i forhold til størrelse.
Etter å minka størrelsen noko,
vart nissen passeleg til 0,5 liters flaske
eg minker på maskeantallet ei gong til 
og er spent på resultatet
Nå vart nissane små nok til mitt bruk
eg var litt usikker på kor mykje garn eg trong, til 8-10 nisser,
og kjøpte inn altfor mykje :D
då får eg bare strikke videre inntil alt garn er brukt opp
forskjellen på mine to utgaver

passer og akkurat over eit kryddeglass
i julenisseskjeggkø....
det tyngste arbeidet,
var å få sydd på sjkegget.
Eg bruker avkapp av saueskinn,
og dette var til tider ganske tjukt,
og tungt å stikke nåla gjennom

familien Flaskenisse vart ganske stor tilslutt.
Dei skal bli bordpynt i julens selskaper.

fredag 17. juni 2016

Tova nissegodteskåler

Sjølv om det er lenge til jul,
er det greitt å få ting ferdige i god tid....
Godteskålene har ei glasskål inni,
perfekt størrelse til julegodter...
 - Garn: pt 3, fritidsgarn og naturgarn (hår)
hadde noko blått garn liggjande, 
bare for morro skyld vart det eit par blånisser også
 - strikka på pinne 7
Mønsteret er heimelaga - men ikkje av meg....
 - dei var lette å strikke,
og når eg først var igang, 
så vart det jammen ein liten storfamilie.
Arbeidet etter toving,
sy på øyer og hår tok nesten like lang tid som strikkinga
Nå kan jul og julegodteriet bare kome,
eg er klar....

onsdag 19. desember 2012

Nissemor har fått selskap av nissefar....

- som på nissemor har eg og her brukt fritidsgarn og pinner nr 6
 - kroppen til nissefar er klar til toving
 - far min er flink med dreiing og anna trearbeid,
han har laga passeleg "innmat" til nissane
-  nissefar og nissemor ferdig monterte....
- Dei ynskjer alle ei riktig GOD JUL!

onsdag 12. desember 2012

strikka og tova nissemor

Eg har brukt mønsterark nr 65, Sandnes Garn
Med fritidsgarn og pinner nr 6
vaks arbeidet ganske rask.
Nissemor sin kropp, klar til montering og toving
 - nase og armer/hender
 - nissemor er ferdig tova og montert - ferdig høyde er ca 80 cm
- snart får nissemor selskap av nissefar

søndag 4. september 2011

Tova votter

i friske fargar....
.
Her har eg brukt pinner nr 5 og Rauma Pt2 garn.
Dei vart ganske store,
så eg tova dei 3 gonger for å få passe størrelse.

torsdag 21. juli 2011

Tova tøfler av lapper

Strikkinga til desse tøflane gjekk unna i ein fei
.
- eg har brukt pinner nr 4 og pt 2 garn
.
 - monteringa gav meg litt hodebry,
men når eg først fann ut av det,
så var det ikkje så vanskeleg likevel.
.
 - tøflene klar til toving
.
- etter ein runde i maskinen på 60 grader
og ein dag på tørkesnora,
er dei klar til bruk.