onsdag 27. mars 2024

"Alex"-genser

Genser i herrestørrelse denne gongen,
til mannen i huset.
han har hatt ein genser i Alpaca Storm, Vikinggarn
denne har vore mykje brukt, og vaska ofte.
Genseren har halde seg veldig bra,
derfor valgte eg Alpaca Storm denne gongen og.
Eit garn eg likar godt å strikke med.
Pinner 3 og 4
litt annleis start på armane,
ein lang mann, 
og eg må tilpassa mønster/lengder litt undevegs.
Genseren passa akkurat til mannen

søndag 10. mars 2024

Sokker dame/herre

Eg fann fram litt sokkegarn,
for å ha eit enkelt arbeid som "utestrikk"
Perfect, Sandnesgarn og pinne 3
Det eine paret vart raskt ferdig,
og snart var neste par på pinnane.
Med eitt vart planen å bruke det garnet som låg i Perfect kassen...
8 par, og omtrent tomt for denne typen garn.
På dei største sokkane har eg brukt forsterkninggarn i hælane.
No skal eg strikke vidare på andre prosjekt,
men plutseleg er eg kanskje snart tilbake på sokkestrikking,
fordi eg på ny treng eit enkelt utearbeid.
 

torsdag 22. februar 2024

Sokker meg fleirfarga og einsfarga garn

Eg hadde nok eit nøste med Aurora garn.
Eg laga først eit par,
der eg brukte to fargerapporter
Deretter tok eg av ein fargerapport,
for å få to like sokker
strikka med grå botnfarge,
det garnet som då var igjen delte eg på to nøster,
Eg såg etter kor mykje som var igjen av alle fargane,
og delte der det passa best
eg strikke begge sokkane samtidig,
for å få like mange omganger på begge
det minka på fargane,
stripene og sokkane vert mindre
det koks grå garnet er Hakkespett,
eg gjekk lens av grå Aurora
auroragarnet har lange fargerapporter,
så her er det lett å dele fargane på denne måten
 

torsdag 8. februar 2024

Kopi av 45 år gamal barnevott

Ei dame sende meg eit foto av ein barnevott,
som svigermora strikka for 45 år sidan,
med tanke på at eg skulle kopierer votten.
Dama ville så gjerne ha eit mønster, 
slik at votten kunne strikkast
til nye generasjoner.
Eg rekna meg fram, ut frå bildet,
og slik vart min variant av votten
str på desse vottane er 3/5 år
Ut frå antall masker,
valgte eg 3 tråds strikkegarn frå Rauma, 100 % ull
og pinner 3,5-
vottane fekk vera med på tur,
for fotografering,
ein fin vinterdag på Jæren

mandag 29. januar 2024

Den offisielle TIFF votten (Tromsø Internasjonale Film Festival)

Eg vart tipsa om desse vottane,
og som vanleg må eg jo bare ha dei og...
Norsk Husflid i Tromsø,
har strikkepakker for salg.
Mønsteret er ikkje i seg sjølv vanskelig,
men her vart mange masker mellom mønstermasker.
Eg tykkjer det viser lett på framsida,
når ein må tvinne trådane så ofte.
Innsida har meir mønster, og mindre tvinning.
Ein kan vel sei at min favoritt er innside vott.
Garn: 3 tråds ullgarn, Rauma
Pinner 2,5 og 3.
Ein skal aldri sei aldri,
men pr i dag,
 vert det nok ikkje fleire av dette slaget.
 

tirsdag 23. januar 2024

Uglevotter, Harry Potter

Heilt klart måtte det og bli eit par Uglevotter..
dette mønsteret var morro å strikke
Litt vanskelig å vite kva garn som passer,
når det i boka er oppgitt eit ukjent (engelsk?) garn 
og pinnestr som eg vanlegvis ikkje bruker
Ut frå maskeantall valgte eg pinne 2,5
og Frøya, Vikinggarn.
Strikka str small, og votten passa akkurat til mi hand
Boka inneheld fleire strikkeplagg med motiv frå Harry Potter
om det vert strikka fleire av meg,
ja, det får bare framtida vise.
Votteveggen blir utvida med nok eit par votter.

mandag 22. januar 2024

Ullbukse med motiv frå Harry Potter

Bestemorgutten spør etter ny ullbukse, 
Han sa ingenting om farge,
men på slutten av "bestillinga"
la han til noko om ugla i Harry Potter.
eg har brukt vottediagrammet som utgangspunkt,
og tilpassa antall masker.

Det er Harry Potter som er in nå,
bøker, lego, ja, alt må vera Harry Potter
 Garn: Alapkka Storm, Vikinggarn
Pinner 3 og 4

fredag 12. januar 2024

Sokker i diverse størrelser

I det siste har eg teke livet med ro,
både til sengs og i godstolen.
Synet har vore nedsatt, 
men er på vei tilbake etter eit lite inngrep.
Heldigvis har eg sett såpass at eg kunne ha ei enkelt håndarbeid i hendene.
Sokker går av seg sjølv,
og eg treng ikkje å følge mønster/oppskrift.
Har gjort ein del feil innimellom,
når augene har blitt slitne,
som eg har fått retta opp i når augene har vore mindre trøytte.
Størrelser har blitt til undervegs
ulike, men likevel par
det minker på det fleifarga garnet.
Dette deler eg i to nøster,
og lager mønsterstriper i det grå garnet
Garn: Aurora, Vikinggarn
Pinner: 3
ein fin liten sirkel med fargerike sokker.
No er eg endeleg klar for andre utfordringer igjen.