søndag 12. mai 2024

Blir bedre kjent med villsaugarnet

Eg fekk i vinter tilsendt noko villgarn,
som eg skulle prøve ut.
Eg laga votter og fann nokre border eg kunne bruke,
og latvisk flette - for å teste ut kva eg fekk til
pulsvarmere/vanter vart det og
seinare fekk eg spørsmål om barnevotter.
Strikka først i anna garn, for å teste ut diagram, maskeantall, lengde osv
så skulle det bli votter i vaksen str,
med tilsvarande diagram som barnevotten.
alt nytt må strikkast fleire gonger,
før ein kan sei seg fornøgd
på desse vottane havna tommel på feil plass...
eg prøvde med kvit tommel og tommel med ruter,
vart ikkje fornøgd med noko av desse forslaga
eg såg for meg ei anna løysing,
og prøvestrikka med anna garn
vart meir fornøgd med denne utgaven

nå er det på tide å finne fram villsaugarnet
strikka som dei kvite og grå vottane,
med villsaugarn vart vottane noko lange

prøver igjen med kortare vrangbord
denne gongen seier eg meg fornøgd med størrelsen

to par pulsvanter vart det og..
villsaugarnet må ein "arbeide inn" i fingrane
det har etter kvart blitt lettare å bruke garnet,
og resultatet har blitt bedre
 

2 kommentarer:

  1. Jeg kjenner til metoden med å prøve seg fram med nytt garn og nytt mønster. Det blir ofte flere forsøk før en blir fornøyd. Men så kan det bli mange julegaver i en fei. Fint at du deler erfaringene dine!

    SvarSlett
    Svar
    1. det vart jo nokre par... :D dei fleste blir nok brukt i forhold mitt votteprosjekt, for å vise korleis eg går fram når eg prøver ut mønster.
      eit par har allerede reist til vill sau ulldama på nordvestlandet, som er min oppdragsgiver med villsaugarnet

      Slett