søndag 30. august 2026

Bjørgvotter

Nok eit par er ferdig.
Det er morro å strikker votter igjen.
Eg har fleire strikkepakker liggjande,
så det er bare å strikke i vei.
Eg har vore i lag med andre fleire kvelder i det siste,
då har eg teke med meg ny pakke,
og starta på brotet til neste vottepar..
.
Denne strikkepakken kom med litt lite mønsterfarge,
når eg hadde 2 x tommel igjen,
var det kun det vesle nøstet igjen med lyst garn.
Når eg strikker,
så strikker eg på fem pinner x 2
og litt på kvar vott, slik at begge er ferdig samtidig.
Det gjer at eg kom like langt  2 x tommel,
før det var slutt på garnet.
Eg var i restegarnskuffa,
og fann litt garn i same farge, men ikkje same tråd.
Det viser ikkje, 
men eg syns det er litt dumt at det ikkje er med nok garn.
Vottane er strikka i 
Drops Nepal - ull og alpaca
Design: Sofie Hågensen @strikkesoffe

mandag 24. august 2026

Melkeveienvotter

 I det siste har andre kome til meg med strikkepakker
til fleire vottepar.
Dette med tanke på votteveggen min.
Det har stått litt stille der heile 2026,
men eg håper å få utvida samlinga
litt etter litt...
Melkeveienvotter,
eit design av @vivioggutta

 I oppskrift/mønster er det 2 alternativ til garn.
Denne pakken kom med Flora garn, frå Drops.
Enkle votter å strikke.

onsdag 19. august 2026

Tiril sjal, Vilje hals og restegarn pulsvarmere

I vinter starta eg på eit Tiril sjal,
eit arbeid å ta til innimellom..
eit vart til to..
Sølje garn, Hillesvåg
Ei gong i vår fekk eg forespørsel om å strikka på dugnad
for ønsketransporten.
Dei hadde fått garn i gave og trong hjelp med å få brukt garnet.
Eg trudde eg fekk nok garn til eit Tiril sjal,
men det haldt til to..
tynt ullgarn..
det vart og to Vilje halser til ønsketransporten
Ved påsketider fekk eg ein pose 
med tilovers Alpaca Fine
 garn etter diverse prosjekt.

Eg strikka eit skjerf
4 halser
og to par pulsvarmere
då var det ikkje mykje garn igjen...
.
I ei tid der fokus har vore andre stader,
så har det vore greitt med slike arbeid,
der ein ikkje treng å tenke så mykje..