lørdag 29. august 2020

Nesningsvotter

I mi jakt på nye og gamle vottemønster,
har eg vore i kontakt med ein del husflidslag.
Eg har hatt fleire koselige telefonsamtaler, 
med hyggelige strikkedamer
Mønster og garn til Nesningvotten,
 har eg fått tilsendt frå Nes Husflidslag (Hallingdal).
Design: Karin Stang
                                              Garn: Ask, Hifa 2, Hillesvåg ullvarefabrikk

                                                                     Pinner: 2,5 og 3

vottane er lette å strikke

                                 Det er morro å finne fram til mønster som ikkje blir så ofte brukt,

                                                             eller som er ukjente for mange.

fredag 28. august 2020

Klompelompe til ein liten prins

Eg kjøpte heim garn,
nok til Albert jakke og bukse...
Prinsens mor ville ikkje ha blåfarger,
så mitt valg vart mint (eller nokon sånt)
Å strikke bolen til Albertjakken gjekk heilt fint,
men når armane skulle strikkast på pinne 4,
vart det alt anna enn fint.
                                                    Eg rekte opp nokre gonger,

                                  og kom tilslutt fram til at eg måtte bruke mindre pinner,

                                                   Armane er strikka på pinne 3,5

Resultatet vart brukande til slutt
                        Eg ville ikkje starte på Albertbuksa, som og skulle strikkast på pinne 4,

                                                       og valgte meg David jakken. 


Ei Gromguttbukse vart det og nok garn til

                                                                   og tilslutt ei pilotlue

eg kunne nok fått eit par sokker av restane,
men var heilt klar for andre ting...
                                       alt har no vore på ei lang reise ut i den store verden.

                                         Mottaker vart fornøgd med både plagg og farge

søndag 23. august 2020

Smalevotter

Smalevotter - mønster Hillesvåg ullvarefabrikk
                           Vottane er i utgangspunktet ganske lette å strikke,men eg sleit litt der det                                                 var 3 tråder samtidig. Trådane/ulla tulla seg inn i kvarandre..

                                      Eg valgte og to lyse farger som var litt for like,

                                 det var ikkje alltid like lett å å rett farge på rett plass

Garn: Ask, Hillesvåg ullvarefabrikk
Pinner 2,5

                         Nok eit par er klar for samlinga mi, der det no nærmar seg 90 ulike par

onsdag 19. august 2020

Elmer ullbukse

For ei tid tilbake,
kjøpte eg garn til ein Elmer genser,
fordi eg kunne bruke mønstreret til eit anna prosjekt.
Genseren vart aldri strikka den gongen.
Garnet låg nå klar,
då ein av bestemorguttane hadde behov for ny ullbukse.
Elmer bukse, eit Vikinggarn design
                                                    Garn: Alpaca Fine, Vikinggarn

                                                                 Pinner 2,5 og 3

 Buksa er litt kort i livet, og litt smal i beina.
Bestemorgutten vart likevel så førnøyd,
at buksa måtte på med det same.

søndag 9. august 2020

Saviovotten

Saviovotten, kopi av polfarer (1898) Per John Savio sine votter

Opprinnelige votter er strikka store og meint for å tovas i bruk.
Eg har strikka den "moderne" votten - som det og finn mønster til, i oppskrifta 
Strikka i Ask, Norsk ullgarn, Hillesvåg ullvarefabrikk

pinner 2,5

Mønster: Varanger museum, Grenselandsmuseet

Per John Savio (1877-1905) og Ole Johnsen Must (1879-1934) (sjå innlegg under)

Sør-Varangers samiske polarhelter.

Carsten Borchgrvink planla en Sydpolekspedisjon i slutten av 1800-talet, og trengte noen som kunne kjøre slede og ha ansvaret for hundestellet.

Han ble anbefalt Savio og Must. Det skulle vise seg å være et godt valg, de to guttene kom med mange tips om utstyr til ekspedisjonen. Både reinskinn, lavvo, sennagress, skaller/kommager og votter ble med fra Sør-Varanger til Sydpolen. (Kilde: oppskrifta)

 Det er interessant og morro, og få vite bakgrunn/historien til vottane.

torsdag 6. august 2020

Kopi av Ole Johansen Must sine votter


Garnpakke bestillt frå Varanger museum, Grenselandsmuseet.
Grenselandsmuseet er opptatt av kunnskaps og tradisjonshåndverk.
Museet arbeider med å rekonstruere mønstre og fotografier, 
som befinner seg i samlingene.
Mønsteret på votten er hentet fra et Ellisif Wessels fotografi,
i grenselandsmuseets billedsamling, som avbilder Per-John Savio og
Ole Johansen Must, på Wessels veranda før avreise med Borchgevinck 
sin sydpolekspedisjon i 1898.
Mønsteret er kopiert av Ole Johansen Must sine votter på bildet.
(kilde: vottemønsteret)

Garn: Finull Pt 2 Raumagarn

mandag 3. august 2020

Romedalsvotten

Mønster til Romedalsvotten fann eg på Ilseng.net,
etter tips frå ei anna strikkedame.
Design: Solveig Nordal (?)
Vottane er lette å strikke.
Brot og vrangbord tilsaman,
gjer at votten går langt opp på armen.
Tommel er liten i forhold til resten av votten.
Garn: rester av Peer Gynt, Sandnesgarn
pinner 3,5