Viser innlegg med etiketten dugnadstrikking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dugnadstrikking. Vis alle innlegg

fredag 19. februar 2021

Restegarnstrikk

Restegarn blir det alltid nok av...
Av og til kjem det og i tillegg,
 poser med andre sitt restegarn til denne heimen..
Denne gongen har eg teke fat på deler av ein pose restegarn,
som kom til mitt hus, i løpet av fjoråret..
Desse er strikka utan oppskrift
str og mønster vert til undervegs,
avhengig av kor mykje garn eg har.
sokker i sterk og anna sokkegarn
votter i alpakka garn
dette er dugnadsstrikk 
og blir å finne på eit marked,
i kyrkjeringen sin regi, - til påske.
Lag deg ein god dag,
der du er er.

torsdag 23. juli 2020

Genser Telemark rundstrikka

Ei dame kom med ein pose garn,
ho ynskte seg eit plagg til kyrkjeringen i bygda.
Eg la til to nøster kvitt til mønster.
genseren er strikka med pinner 3 og 3,5
Garn: Alpakka, Sandnes garn
Eg skulle eigentleg ikkje ta fatt på dette arbeidet,
før etter ferien,
men eg trong eit nytt enkelt strikk,
til å ha med seg ute blant andre,
- einsfarga rettstrikk er jo då heilt perfekt.
Eg har sagt at eg ikkje lenger tek på meg å strikke for andre,
men har lyst å bidra til kyrkjeringen, med det eg kan.
Så innimellom alle mine eigne prosjekt,
kan det nok bli litt til kyrkjeringen,
 i framtida og.

fredag 5. juni 2020

Oppfinnergenser

Litt dugnadstrikk, for kyrkjeringen i bygda.
Eg er ute i veldig god tid denne gongen,
då denne genseren er tenkt til julemessa....

oppfinnergenser eit design av Ellen Marie, oppfinnefruen.
 fem farger og store avstander mellom fargane,
gjorde at eg valgte å klyppa av tråden etter kvar mønsterfarge.
På vranga, såg genseren ut som eit piggsvin, 
før trådane vart festa
 Garn: Alpaca Storm, Vikinggarn
pinner 3 og 4
Håper den endelege mottaker vert fornøgd med genseren

fredag 16. november 2018

Dugnadstrikking 2018

Innimellom alle andre prosjekt i 2018,
har eg strikka litt på dugnad.
Kyrkjeringen i bygda arva noko garn,
som eg lova eg skulle prøva å strikka litt forskjellig av.
Ein del av garnet var lite eller dårlig merka,
resten var smart, super wash osv..
Eg fann ut at votter var det greiaste,
når eg ikkje heilt visste kva garn det var.
Før påskemarkedet fekk eg levert nokre får par
- etter påske vart det strikking i perioder.
 Eg har brukt 4 ulike mønster som utgangspunkt,
3 til barn og 1 til vaksne.
fargesamansetninga har blitt til undervegs
Selbuvotter til barn
 barnehagevotter er alltid populært
mønster: barnevotter frå Sør-Varanger
 dette er eit mønster eg har skreve ned,
etter eit par gamle votter strikka i Tana
i kassen det og ein liten rest med sokkegarn...
 klar til levering
om eit par veker ligg dette på salg,
først på Køhlerpavljongen si julemesse,
 der kyrkjeringen har stand,
og seinare på julemessa i kyrkja...
Det er gildt å kunna bidra litt, med det ein kan og mestrer...