fredag 19. februar 2021

Restegarnstrikk

Restegarn blir det alltid nok av...
Av og til kjem det og i tillegg,
 poser med andre sitt restegarn til denne heimen..
Denne gongen har eg teke fat på deler av ein pose restegarn,
som kom til mitt hus, i løpet av fjoråret..
Desse er strikka utan oppskrift
str og mønster vert til undervegs,
avhengig av kor mykje garn eg har.
sokker i sterk og anna sokkegarn
votter i alpakka garn
dette er dugnadsstrikk 
og blir å finne på eit marked,
i kyrkjeringen sin regi, - til påske.
Lag deg ein god dag,
der du er er.

2 kommentarer:

  1. Det gir en egen glede å lage noe fint av restegarn. Dette klarte du fint! Jeg må visst sortere litt i kassene mine nå. Det har lett for å bli sokker av restegarn her hos meg. Sokker trenger alle så det er vel like greit.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er kjem litt an på garntypen, tenkjer eg, om det blir sokker eller andre ting.
      Kan fort bli votter og huer og, her.

      Slett