torsdag 4. februar 2021

Manchester united votter

Eg er ingen fan av fotball-lag,
så slike votter hadde eg ingen planer om å strikke.
Når eg vart spurt om Liverpool sokker,
så vart det til at eg strikka votter og,
selfølgelig.....
Ein av mine, som er ein skikkelig  Manu fan,
vart litt snurt då mora strikka sokker/votter,
til Liverpoolfansen..
Mora prøver å gjera sonen til lags :D,
og strikker Manu votter
(sokker kjem seinare)
då blir det selfølgeleg eit par til samlekassen,
og eit par til sonen :D
Garn: 3 tr strikkegarn, Rauma 100 % ull
pinner nr 3
Mønster: eg har brukt det eg har funne på Pinterest
sonen vart fornøgd... :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar