lørdag 23. september 2023

Små tova flaskenisser

Nisseproduksjonen er gang,
innimellom alt annna eg driv på med.
Nokre av nissane flytter inn i Bronnhuse,
andre er på vei til sine nye heimar
Vams garn, Rauma og pinner nr 5

 

onsdag 20. september 2023

Islender til baby og småbarn

Eg har lenge hatt lyst til strikke islender til dei minste,
i tynt garn.
No var tida inne for det...
Eg kjøpte garn til tre gensere, dei lyse.
Det vart litt garn til overs,
og eg strikka ein til,  
i den størrelsen eg hadde nok garn til.
3 mndr i motsatt farger.
Mønster og babygarn frå Rauma.
Pinner 2,5 og 3
Desse vert hengt ut i Bronnhuse for salg.