lørdag 29. juli 2023

Tumvante med mønster, från Tjöck, Sverige

Mønster til vottane,
fekk eg tilsendt frå Sverige,
for nokre år sidan.
Eit eksemplar heng allerede på votteveggen,
men nå har eg blitt oppmoda til å strikke to nye par.
Mest sannsynleg blir begge solgt nokså snart,
då to har meldt sin interesse for slike votter.
De här nystickade vantarna har lånat form og bårder
från ett par gamla vantar, från Tjöck, i sødra Österbotten.
De gamla vantarne som är från för första världskriget,
finns på Ålands landskapsmuseum.
De er stickat i syntetiskt lysande, ja riktigt grälla farger på vit botten.
Svart bottenfärg är också vanligt till den her typen vantar.
(utdrag frå det eg fekk tilsendt frå Sverige)
tomlane har same mønster som votten
garn: babyull og pinner nr 2

Morro at dette gamle mønsteret får kome fram i dagen,
og at nokon vil bruke slike votter.
 

lørdag 22. juli 2023

Pikachu hansker

Heile våren har eg hatt dette som "innimellomarbeid"
strikka etter ynskje frå små og litt større..
Til dei små har eg brukt barnehagevotter som utgangspunkt,
og tilpassa mønster og fingerlengde.
Til vaksen størrelse har eg brukt votter som utgangspunkt,
og tilpassa mønster og lengde på fingrar.
Garn: Viking sportsragg
Pinner: 2,5 og 3 alt etter størrelse på hanskane
 

torsdag 20. juli 2023

Marius til baby

Ein liten gutt kom til verda for i juli månad,
ein stad ned i Europa.
Denne gongen ville eg laga noko som er mykje brukt her heime.
Marius vart valget, i str 6 mndr.
Garn: babyull og pinner 2 og 2,5.
Oma og Opa skal snart hente genser og hue,
og ta det med heim til barnebarnet.

søndag 16. juli 2023

Orrevotten

Orrevotten
Design @Evy Utbjoa 2023
Orre er ein plass på Jæren.
Evy har valgt å bruke 
beigemelert botnfarge - sanden på Jærstrenden
grøn mønsterfarge - grøne kjelver/marker
korset symbolisere kyrkjene
sikksakk border - ollene/bølgjene
stjerner - høg himmel
åttebladroser er brukt i gamle votter funne på Jæren
fargene kjem ikkje så godt fram på bileta,
men eg har brukt same farger som i oppskrifta
Eg kjøpte inn den mengde garn som stod i oppskrifta,
men fekk ikkje nok beigemelert.
Eg vurderte lenge fram og tilbake,
kjøpe meir, ikkje kjøpe meir...
eg enda opp med å bruke resten av det grøne på tomlane,
og fekk akkurat nok til eit par striper med den lyse fargen.
Tomlane skulle vera like innside vott.
Har notert meg at eg må kjøpe meir garn av botnfargen,
om eg strikker fleire Orrevotter.
Har og notert meg at ORRE må tilpassast 
slik at det kjem midt på utside vott
Eg vil nok og velge eit anna garn neste gong,
Alpakka passa ikkje heilt til min fingrar,
men kanskje det er ei treningssak...
Fine votter,
som kan representere mange bygder på Jæren
 

mandag 10. juli 2023

Klassisk Kirunavante, Jukkasjärvi

Eit klassisk mønster frå Kirunaområdet,
men mange århundres tradisjoner.
Dei tradisjonelle fargane er
rødt, blått, grønt og gult.
Eg har valgt gråtoner til dette paret.
Garn: Siessà, Stoorstålka, Sverige
Pinner 2,5
mønsteret på tommelen
er likt mønster på votten
Denne gongen har eg valgt å ta med litt av historien,
som er med i mønsteret
Nok eit par til votteveggen min.
 

torsdag 6. juli 2023

Angeliika-vanter

Angeliika-vanter, Nordöstra Norrbotten
.
Dette mønsteret er brukt over heile verden,
f.eks Bikubemønster, Hullbragd, Gropvotter m.m.
Teknikken er lettstrikka.
Gjennom å justera på kva for ein omgang dei ulika fargane vert brukt,
samt bredde og høgd på gropenene,
kan mønsteret varierast i det uendelige.
Navnet Angeliika-vanter er etter ei spanande dame, 
Angeliika Adamsdotter Holme.
Ei vandrande strikkerske i traktene Pajala i Norrbotten.
Angeliika er kjent for for vakre, fargerike votter, gropvotter.
Ei strevsam kvinne som tok på seg arbeidsoppgåver mot erstatning,
Det finns historier om kvinna som strikka når ho gjekk,
og om ei spesiell gatelykt i Kiruna by, 
der Angeliika brukte å stå og strikka om hausten,
for å nytta lyset.
Dei blå og kvite vottane er strikka i Siessà, Stoorstålka
dei svarte og kvite: Eco Highland, Vikinggarn
Mønster: Stoorstålka, Sverige
Pinner: 2,5

Vottane skal hengast opp på votteveggen, i Bronnhuse