søndag 16. juli 2023

Orrevotten

Orrevotten
Design @Evy Utbjoa 2023
Orre er ein plass på Jæren.
Evy har valgt å bruke 
beigemelert botnfarge - sanden på Jærstrenden
grøn mønsterfarge - grøne kjelver/marker
korset symbolisere kyrkjene
sikksakk border - ollene/bølgjene
stjerner - høg himmel
åttebladroser er brukt i gamle votter funne på Jæren
fargene kjem ikkje så godt fram på bileta,
men eg har brukt same farger som i oppskrifta
Eg kjøpte inn den mengde garn som stod i oppskrifta,
men fekk ikkje nok beigemelert.
Eg vurderte lenge fram og tilbake,
kjøpe meir, ikkje kjøpe meir...
eg enda opp med å bruke resten av det grøne på tomlane,
og fekk akkurat nok til eit par striper med den lyse fargen.
Tomlane skulle vera like innside vott.
Har notert meg at eg må kjøpe meir garn av botnfargen,
om eg strikker fleire Orrevotter.
Har og notert meg at ORRE må tilpassast 
slik at det kjem midt på utside vott
Eg vil nok og velge eit anna garn neste gong,
Alpakka passa ikkje heilt til min fingrar,
men kanskje det er ei treningssak...
Fine votter,
som kan representere mange bygder på Jæren
 

2 kommentarer:

  1. Fine votter, men irriterende at det ikke ble nok garn vil jeg tro. Vanligvis blir det jo altfor mye. Lykke til med neste par!

    Fortsatt god sommer!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk. Ja, ganske irriterane å ha for lite garn...
      God sommer til deg og... her er det som om hausten er komen, ca 15 grader og øs pøs regn...

      Slett