Viser innlegg med etiketten hansker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hansker. Vis alle innlegg

lørdag 19. august 2023

Bronnhuse - utstilling og salg

I vår kunne eg innrede mitt handarbeidsrom.
Dyra i fjoset er borte,
og melketankromet tomt.
Fjoset er laga om til vinterlagring for gamle biler og traktorer,
men bronnhuse vart ikkje brukt.
Eg kom på tanken om få min eigen plass,
til vottesamlinga og anna ferdig produsert handarbeid.
Litt vasking og maling måtte til.
Golv, vegger og tak er prega av alder og bruk,
men skeive golv og andre "småsår" gir romet sjel.

Litt etter litt har gamle handarbeid/plagg funne veien ut av skuffer og skap

morro å ta fram ting ein laga for mange år tilbake
slike bilete var vel nokså populære på 1970 talet
i "salgsavdelinga" finn ein gensere, sokker, votter

her er "marius" godt representert
sydde pannebånd mm
pusslespel laga med eigne bilete som motiv
hekser til Halloween
huer og grytekluter
votteveggen med ca 155 par ulike votter
Eit prosjekt eg starta med for nokre år sidan,
som seinare har blitt meir og meir spande å halde på med.

Eg hadde ein periode tenkt å slutte av når eg kom til eit visst antal,
men stadig nye mønster finn veien hit.
Av og til kjøper eg eit nytt mønster, 
andre får eg frå andre som gir av sine oppskrifter,
andre samler frå ukeblad mm
Morro at så mange har lyst å bidra til større vottesamling.
nisseproduksjonen er såvidt i gang,
snart får nissane og flytte ut i Bronnhuse
Her er strikkekaffe sånn ca 1 gong pr månad.
Elles er mange innom for å sjå på vottane og alt det andre.
Mange mimrer tilbake til sine gamle handarbeid
I neste månad kjem husflidslaget på besøk,
då får eg mulighet til vise fram vottane,
samt å dele ting er har lært på min "vottevei"
innan historie, garn, teknikker, mønster og geografi.
Eit rom eg har mykje glede av.
 

lørdag 22. juli 2023

Pikachu hansker

Heile våren har eg hatt dette som "innimellomarbeid"
strikka etter ynskje frå små og litt større..
Til dei små har eg brukt barnehagevotter som utgangspunkt,
og tilpassa mønster og fingerlengde.
Til vaksen størrelse har eg brukt votter som utgangspunkt,
og tilpassa mønster og lengde på fingrar.
Garn: Viking sportsragg
Pinner: 2,5 og 3 alt etter størrelse på hanskane
 

torsdag 15. desember 2022

Pikachu hansker

For ei tid tilbake,
fekk eg spørsmål om å lage noko med Pikachu,
til ein 6 åring.
Medan eg har gjort ferdig andre ting,
har eg tenkt og sett på bilete på internett,
Ein dag hadde eg ein plan...
Eg teikna meg eit diagram, men det som ser ok ut på papiret, 
vert ikkje alltid slik ein hadde tenkt,
Ansiktet kom for langt opp mot fingrane
Fargane vart ulike på bileta,
så desse er nok mest lik fargen på hanskane
etter å ha laga nytt diagram, 
gjekk eg i gang med par nr to, på pinne 2,5. ca 6/7 år
ansiktet fekk ein bedre plassering nå
par nr 3 strikka eg på pinne 3, dei passer nok til ein 8/9 åring
Eg har brukt Viking sportsragg
 

søndag 31. juli 2022

Kopi av Lego Super Heroes Marvel Infinity-hanske

Bestemorgutten er ein ivrig legobygger,
og speler ofte populære internetspill.
Innimellom får han ideer om ting har har lyst på,
i form av votter, huer, genser, hansker osv
Denne gongen var det kopi av gullhansken til Lego,
han ville ha.
gutten har sjølv valgt farger,
han ser fort om dei fargane bestemor finn fram,
er dei rette og passer saman.
Viking sportsragg har eit mangfold av farger,
derfor valgte eg det garnet denne gongen
eg bruker barnehagevott som utgangspunkt,
og rekner meg fram til rett plass for krystallane,
etter mål av gutten si hand.
Pinner 2,5
eg lager først eit prøvepar,
som gutten frå prøve,
før eg gjer ferdig par nr to,
og retter på eit par småting.
gutten er veldig fornøgd med resultatet