fredag 27. desember 2019

3 x Kaptein Sabeltann

For mange er Kaptein Sabeltann
den store helten..
For største bestemorgutten er det ein av fleire helter.
Eg strikka fleire av desse 
når mine gutar var små,
og mønsteret har vore lagra i arkivet i alle desse år.
I dag er ikkje mønsteret i salg.
 Garn: Dale Cotinga Merino ull
pluss gult og kvitt i Big sterk 
 Eg la opp til 6 år på angitt pinnestørrelse,
det virka altfor smått..
eg gjekk opp i pinnestørrelse,
og strikka ferdig str 6 heilt etter mønsteret.
Når eg då måler alle mål etterpå,
så er denne genseren akkurat passe etter mål til str 4.
  str 8 vart då passe stort til 5 åringen
eg hadde ganske mykje garn igjen,
og strikka nok ein genser,
 etter mønster til 4 år
Denne vil om litt, 
passe til den minste bestemorgutten
Det er mange detaljer som skal på plass.
Eg har strikka inn alle masker,
i staden for å bruke maskesting.
Det er morro å gjera slike ting og,
men ein ting er sikkert,
det blir ikkje fleire av dette slaget...
- i denne omgang.

7 kommentarer:

  1. Hei 🤓er det mulig å få kopi av mønsteret ? Mvh Anne Karin S. Terjesen mail: ak.selander@yahoo.no

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg pleier ikkje å dele kjøpemønster

      Slett
    2. Hvor kan man kjøpe mønsteret ?

      Slett
    3. Dette mønsteret er ikkje lenger i salg

      Slett
  2. Oppskrifta ligger på pintrest

    SvarSlett
  3. Er det ikke mulig å dele/få kjøpt mønsteret av deg når det ikke er mulig å få tak i fra Dale lenger engang?

    SvarSlett
    Svar
    1. Dette mønsteret er ikkje lov å dele. Eg kan heller ikkje selgja noko som ikkje er mitt design

      Slett