mandag 12. september 2022

Broom-genser til barn, restegarn

Her om dagen måtte eg finna meg noko "utestrikk"
og havna i restegarnet...
Broom genser er ein fin måte å bruke restegarn på,
ein får bruke ganske så mange smårester.
Eg starta med Silja.
La opp etter str 8 år, pinne 2,5 og 3,
og tenkte eg kanskje kunne ende på str ca 4 år.
Eg såg fort at genseren vart mykje mindre enn det.
Tilsutt har det blitt ein genser i str 1-2 år.
Eg fekk brukt mange smårester,
sjølv på ein liten genser.
Eg starta på genser nr 2 samtidig,
slik at eg kunne bytte arbeid,
om eg gjorde ein feil, 
når eg var ute blant folk :D.
Genser nr 2 er strikka i Pt 5 sport
pinner 3 og 3,5
Her strikka eg og etter str 8 år,
størrelse på genser nr 2,  vart 6-7 år
for å få nok garn til like striper på armer og bol,
så starter eg på alt samtidig,
og strikker mønsterstripene, på armer og bol,
før eg starter på neste stripe.
 Fargane blir valgt etter kvart som eg strikker.
Det hender eg starter på ei bord,
men ser at fargane
ikkje blir som eg tenkte.
Eg rekker opp den siste borda,
og finn fram nye farger og starter på ny.
Når ein bruker restegarn, 
vil det jo uansett vera fargesamansetninger,
ein ikkje ville valgt ellers.

lørdag 3. september 2022

Frivilligvotten, Den Norske Turistforening, Sør

I oppskrifta kan ein lesa:
2022 er Frivillighetens år
De frivillige er hjertet i organisasjonen,
og det ser vi i hjertet på votten.
Hyttene er et sted å samles, og takket være våre frivillige 
har vi mange hytter til hygge og ly.
Øverst ser vi en rad med stjerner 
- siden de frivillige er stjernene i organisasjonen vår.
Så er det en haug med T-er.
T-er viser vei,
løypemerkerne maler dem,
turledere og tilsyn følger dem,
og de binder sammen hyttenettverket.
Takk!
Oppskriften er laget og prøvestrikket 
av frivillige i DNT Sør
eg er ikkje lenger medlem av DNT,
men fekk lyst å strikke vottane likevel.
Diagrammet ser ganske enkelt ut,
men med mange lange sprang,
og mange T-er over alt
må eg bare innrømma
 at det vart nokre feil og opprekninger.
Eg kom i mål tilslutt.
Dei feila eg ikkje har retta, er det ingen som ser.
Varmer gjer dei likevel.
Garn: Ask, Norsk ullgarn, Hillesvåg ullvare fabrikk
pinner 2.5.