mandag 12. september 2022

Broom-genser til barn, restegarn

Her om dagen måtte eg finna meg noko "utestrikk"
og havna i restegarnet...
Broom genser er ein fin måte å bruke restegarn på,
ein får bruke ganske så mange smårester.
Eg starta med Silja.
La opp etter str 8 år, pinne 2,5 og 3,
og tenkte eg kanskje kunne ende på str ca 4 år.
Eg såg fort at genseren vart mykje mindre enn det.
Tilsutt har det blitt ein genser i str 1-2 år.
Eg fekk brukt mange smårester,
sjølv på ein liten genser.
Eg starta på genser nr 2 samtidig,
slik at eg kunne bytte arbeid,
om eg gjorde ein feil, 
når eg var ute blant folk :D.
Genser nr 2 er strikka i Pt 5 sport
pinner 3 og 3,5
Her strikka eg og etter str 8 år,
størrelse på genser nr 2,  vart 6-7 år
for å få nok garn til like striper på armer og bol,
så starter eg på alt samtidig,
og strikker mønsterstripene, på armer og bol,
før eg starter på neste stripe.
 Fargane blir valgt etter kvart som eg strikker.
Det hender eg starter på ei bord,
men ser at fargane
ikkje blir som eg tenkte.
Eg rekker opp den siste borda,
og finn fram nye farger og starter på ny.
Når ein bruker restegarn, 
vil det jo uansett vera fargesamansetninger,
ein ikkje ville valgt ellers.

2 kommentarer:

  1. Det er sjelden jeg har sett så fine restegarnsgensere! Mye arbeid må det også være å sette sammen fargene slik at de harmonerer. Du er kjempeflink!

    Klem Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk :D litt arbeid er det jo, men morro og :D

      Slett