mandag 24. februar 2020

Genser Nord x 2

Lettstrikka genser til gutt og jente,
utan for mykje mønster,
var det eg skulle ha.
 valget vart "Nord" frå Sandnes garn
 eg valgte å strikke i Smart
på pinner 3,5 og 4.
Eit arbeid som er fint å ha med ut blant andre.
 eg kjøpte litt ekstra garn i bunnfargen,
med tanke på eit par votter til kvar genser.
Strikka første par på pinne 3,
dei vart litt små, pinne 3,5 vart bedre.
 det vart nok til to par votter i kvar farge.
Eg kunne kanskje fått til eit par små votter av restane,
men eg velger å la det til ligge,
og bruke det til striper i sokker eller votter ved ei seinare anledning
om litt skal gensere og votter ut og reise,
og bli ei overraskingsgave.
Håper gutt og jente i nord. blir fornøgde.

fredag 21. februar 2020

Kopi av gamle votter

Eg har fått låne nokre gamle votter,
som eg nå har kopiert.
Eigaren var frå Time Kommune.
Det er uvisst om dette er eit originalt mønster,
eller noko som er sett saman av fleire mønster.
'mønsteret er ikkje så vanskelig å teikna ned,
rapporter som går igjen letter arbeidet.
 Eg har brukt garn frå mitt lager, 
Pt 5 sport og pinner nr 3.
Vottane vart litt store.
Med litt tjukkare garn, vil vottane passe til herre
Tilsvarande garn, av rein ull, 
vil vera fint til dame, - med litt toving
 den som strikker litt sjølv,
vil fort sjå at vrangbordene ikkje er like lange....
Sånn kan det gå, 
når ein legg arbeidet frå seg eit øyeblikk,
og trur at vrangborda er ferdig, 
utan å sjekke før ein strikker vidare..
Vottesesongen er nok snart over på desse kanter,
- min votteproduksjon vil nok ikkje stoppe med det første.

torsdag 13. februar 2020

Votter "Hjertesølje"

"Hjertesølje" frå boka "Votter". (Nina Granlund Sæther)
Tema for februar - en uhøytidelig hjertealong
er hjerter.
Eg leita gjennom alle mine "på vent" mønster,
og valgte hjertesøljevotten
 Eg har brukt baby ull og pinner 2,5
 Eit ganske så detaljrikt mønster,
men når ein tek linje for linje,
så går det framover, litt etter litt.
Heilt klart eit "heimaspøt"
dvs ikkje noko arbeid å ha med seg ute blant andre.
Garnet er funne fram frå eige lager,
og eg håper det kan fortsetja slik.

søndag 9. februar 2020

Genser i Påfugl garn

I utgangspunktet er oppskrifta til ein diger oversized genser.
Den som skal ha genseren, prøvde seg førstmed pinne 9,
som det står i mønsteret - det vart altfor stort,
ho prøvde seg med med pinne 7 . det vart altfor stort.
Garn og mønster vart lagt bort,
inntil ho ba meg om hjelp.
Etter litt teljing og rekning,
kom eg fram til at pinne 5 må verta okei.
 etter ønske er genseren blitt litt meir passelig i formen
Eg la opp maskeantal som i mønsteret,
og har ellers rekna og målt meg fram for å få 
vide nok armer, og store nok armhol
og ønska lengde.
Eg kom i mål,
men er nokså bestemt på,
at dette garnet skal ikkje bruke meir.
Store variasjoner i tjukkelsen på garnet,
det loa noko vanvittig,
det var tungt for armane og strikke,
gjer at det skal mykje til at eg velgjer dette garnet igjen.
At mottager er fornøgd er det viktigaste no.

lørdag 1. februar 2020

Einsfarga genser med hullborder

Nok ei bestilling er ferdig,
ein einsfarga genser med hullmønster øverst.
Garn: mini alpakka, Sandnes garn
Mini alpakka er ikkje mitt favorittgarn,
fordi eg tykkjer strikkinga vert så ujevn.
- men det er kanskje bare eg som ser/tenkjer på....
pinner 2,5 og 3
Ein lettstrikka genser, til dame.