fredag 21. februar 2020

Kopi av gamle votter

Eg har fått låne nokre gamle votter,
som eg nå har kopiert.
Eigaren var frå Time Kommune.
Det er uvisst om dette er eit originalt mønster,
eller noko som er sett saman av fleire mønster.
'mønsteret er ikkje så vanskelig å teikna ned,
rapporter som går igjen letter arbeidet.
 Eg har brukt garn frå mitt lager, 
Pt 5 sport og pinner nr 3.
Vottane vart litt store.
Med litt tjukkare garn, vil vottane passe til herre
Tilsvarande garn, av rein ull, 
vil vera fint til dame, - med litt toving
 den som strikker litt sjølv,
vil fort sjå at vrangbordene ikkje er like lange....
Sånn kan det gå, 
når ein legg arbeidet frå seg eit øyeblikk,
og trur at vrangborda er ferdig, 
utan å sjekke før ein strikker vidare..
Vottesesongen er nok snart over på desse kanter,
- min votteproduksjon vil nok ikkje stoppe med det første.

2 kommentarer:

  1. Disse mønstervottene blir så forskjellige i størrelse alt etter hvilket garn som blir brukt. Kjenner igjen noen av mønsterbordene, men tror ikke jeg har strikka akkurat denne modellen. Riktig fine i rødt og hvitt!

    God helg fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for kommentar.
      Det finns sikkert utallige varianter rundt omkring, med tilnærma mønster.
      Eg har og sett deler av mønsteret tidlegare, men ikkje akkurat denne varianten.
      God helg til deg og.

      Slett